Sand i Ryfylke
- Sjå òg sand (fleirtyding)
Sand er ein tettstad og kommunesenter i Suldal kommune i Rogaland fylke.
Sand | |||
stad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Rogaland | ||
Kommune | Suldal | ||
Areal | 1,03 km² | ||
Folketal | 1 167 (2017) | ||
Folketettleik | 1 133 / km² | ||
![]() Sand i Ryfylke | |||
Wikimedia Commons: Sand, Suldal | |||
Tettstaden Sand Endra
Tettstaden er kommunesenteret i Suldal kommune og har 1 167 innbyggjarar per 1. januar 2017. Det går ferje frå Sand over Sandsfjorden til Ropeid. Ferjesambandet er ein del av Fylkesveg 46. Staden har ei lang historie, med mellom anna skipsbygging. Her er mellom anna kulturhus, hotell og hovudsetet til Ryfylkemuseet. Her ligg òg Sand kyrkje frå 1852.
Sand sokn Endra
Soknet omfattar bygdene rundt indre Sandsfjorden, ytre Saudafjorden og store delar av Hylsfjorden. Det har 1 506 innbyggjarar og høyrer til Ryfylke prosti. Sand sokn høyrer til Ryfylke prosti.
Sand kommune Endra
Då dei norske kommunane vart oppretta ved formannskapslovene i 1837 var Sand sokn ein del av Jelsa kommune. Sand vart frådelt som eigen kommune i 1858, og den gjenverande kommunen hadde då 1 600 innbyggjarar. I 1965 vart Sand kommune med 1 135 innbyggjarar nedlagd og vart ein del av Suldal kommune.
Bakgrunnsstoff Endra
- Ryfylkemuseet.
- Suldalslågen
- Eldre fotografi frå Sand på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
- Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
- SSB: «Tettsteder og sentrumssoner. 1. januar 2005. Rogaland»