Jelsa er ein strandstad og eit sokn i Suldal kommune i Ryfylke i Rogaland fylke. Det har før i tida også vore ein kommune.

Jelsa
stad
Frå Bjergsted like ved Jelsa kyrkje
Foto: Ronny B.Hagen
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Suldal
Postnummer 4234 Jelsa
Kart
Jelsa
59°20′08″N 6°02′03″E / 59.335527777778°N 6.0342777777778°E / 59.335527777778; 6.0342777777778

Strandstaden Jelsa endre

Staden ligg på ei halvøy ved Jelsafjorden. Her finst barneskule, barnehage, daglegvarebutikk, bensinstasjon, bu- og omsorgssenter (lagt ned i 2018) og eit steinknuseri. Tidlegare var det og ein tønnefabrikk her men denne blei lagt ned vinteren 2009. Kvar sommar er det mykje folk som ferierer i sommarhus, hytter eller båt. Jelsa krins, som omfattar strandstaden med næraste omgjevnad, har 184 innbyggjarar (2013)

Jelsa sokn endre

Soknet femnar i dag om bygdene på kvar side av ytre Sandsfjorden. I 1877 blei Erfjord sokn utskilt frå Jelsa, og det innebar at flatevidda til soknet blei halvert. Jelsa sokn høyrer til Ryfylke prosti.

Jelsa kommune endre

Då dei norske kommunane blei oppretta ved formannskapslovene i 1837 femna Jelsa kommune om sokna Jelsa og Sand. Sand blei frådelt som eigen kommune i 1858, og den gjenverande kommunen hadde då 2 606 innbyggjarar. I 1914 blei også Erfjord frådelt som eigen kommune, og etterlét Jelsa med 1 539 innbyggjarar. I 1965 blei endeleg Jelsa kommune med i alt 1 025 innbyggjarar nedlagd og storparten blei ein del av Suldal kommune. Unnataka var Kaltveit krins (89 innbyggjarar) og Buer krins (8 innbyggjarar) som blei lagde til høvesvis Finnøy og Hjelmeland kommunar.

Historikk endre

I seglskutene si stordomstid på slutten av 1600-talet var Jelsa ein langt meir sentral stad. Dette vesle neset var då ein naturleg stoppestad for båtar som skulle innover i fjordane og ut att. På 1700-talet blei det bygd dampskipskai på Bjergsted, der det òg etterkvart kom gjestgjeveri og bakeri. Handverkarane budde tett i tett i små kvite hus på Noresjøen, og blei kalla strandsitjarar fordi dei reiste frå strand til strand i Ryfylke for å få arbeid. I 1775 opna ei rik dame med namn Marcille Riiberg ein skule for strandsitjarbarna på Noresjøen. Det skulle også vere ein gratis lærarskule som skulle gi utdanning som omgangsskulelærar for to ungdommar kvart andre år. Marcille Riiberg var allereie eigar av Jelsa kyrkje, og ville sette arva si i eit fond som skulle drive skulen og halde kyrkja ved like. Det fondet blei kalla Den Riibergske Stiftelse, og framleis er kyrkja i privat eige under ho. Skulen er no gjort om til museum med omvising kvar laurdag og søndag i sommarmånadene.

Bakgrunnsstoff endre

 
Brislingfiske på Jelsa i 1912.
 
Jelsa kyrkje frå 1647.