Sande kyrkje i Sunnfjord
Sande kyrkje står på Sande i Sunnfjord kommune i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1864.
Sande kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Sunnfjord | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Sunnfjord | ||
Sokn | Sande | ||
Fellesråd | Sunnfjord | ||
Type | Langkyrkje | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 5. desember 1864 | ||
• Endringar | Restaurert og ombygd på 1940-talet | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | 300 | ||
Sande kyrkje i Sunnfjord 61°19′37″N 5°47′36″E / 61.327°N 5.7933°E | |||
Wikimedia Commons: Sande kyrkje, Sunnfjord |
Ein trur at ho tilliks med nabokyrkja i Bygstad er ført opp etter typeteikningar laga av Hans Ditlev Franciscus Linstow.[1] Kyrkja vart restaurert, påbygd og ombygd på fyrste del av 1940-talet.[1] Dette arbeidet vart leia av arkitekt Johan Lindstrøm.[1]
Den noverande kyrkja er den tredje kjende på staden. Den fyrste var truleg ei stavkyrkje frå 1100-1220-talet. Den andre var ei tømra kyrkje som stod frå 1620 til dagens kyrkje vart reist. Mykje av vyrket frå gamlekyrkja vart brukt oppatt i den nye.[2]
Sande kyrkje er soknekyrkje i Sande sokn i Sunnfjord prosti. Sande og resten av Gaular høyrde til Holmedal prestegjeld til 1755, då vart Gaular skild ut som eige prestegjeld under namnet Indre Holmedal prestegjeld. Prestegjeldsnamnet vart endra frå Indre Holmedal til Gaular i 1911.[3]
Fotnotar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Sande kyrkje»». Vitja 27. desember 2008
- ↑ ««Sande kyrkje» i NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon». Vitja 27. desember 2008
- ↑ ««Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket». Vitja 27. desember 2008
Bakgrunnsstoff
endre- Eldre fotografi av Sande kyrkje på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
- Om Sande sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- Kart som viser utstrekkinga til prestegjelda i 1801, på nettstaden www.digitalarkivet.no Arkivert 2007-10-30 ved Wayback Machine.
- Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket
- Oversyn over gravminne i Gaular kommune på nettstaden disnorge.no
- Sande kyrkje i Sunnfjord i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Sande kyrkje i Sunnfjord». Kirkesøk. Den norske kyrkja.