Sander Tomasson Røo (14. mai 18161892) var ein framtredande bonde og kulturberar i Hol i Hallingdal på 1800-talet.

Sander Røo

Sander Røo. Illustrasjon frå Verdens Gang, 1885.
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. mai 1816
Hol kommune
Død

1892 (75 år)

Sander vart fødd på garden Røo i Hol, og tok med tida del i dei offentlege og sosiale stellet i heradet. Han hadde underoffisersskolen, og noko meir utdaning enn bønder flest på denne tida. Han var ei tid ordførar i Hol, og stilte ofte til val i heradsstyret. Sander Røo var svært oppteken av folkeopplysing, og ivra for betre lærarutdaning på bygdene, og fekk oppretta Hol folkebibliotek1860-talet. Samstundes dreiv han innsamling, og sende mykje av dette til universitetssamlingane, og møtte og samrådde med mange av dei mest framtredande mennene i si tid, mellom dei Peter Christen Asbjørnsen, Ernst Sars, Hans Ross, Carl Berner, og ikkje minst Ivar Aasen. Frå Sander Røo fekk Aasen eit stort tilfang av gamle ord frå Hallingdal.

Sander var elles god til å spela bukkehorn, og var ein god forteljar. Verdens Gang skreiv om han i 1885: «De fremmede, som har rehst gjennom Hallingdal og benyttet anledningen til at besøge Sander Raaen og samtale med ham om videnskabelige Ting og høre ham fortælle muntre Bygdesagaer, vil være blet opfyldt af Beundring for denne mands sjeldne Dannelse og Kunskabsfylde.» Fleire andre har gitt liknande skildringar av Sander Røo, noko som minner om at han nok var av dei førande i si tid.

Sander stamma frå skotten Sander Sanderson som slo seg ned i Hallingdal om lag 1590 og gifte seg til Røo. Han var svært ættestolt, og fortalde gjerne om forfedrane sine. Han er rekna som hovudkjelda til segnkrinsen om Villandskarane og Blank-Ola.

Kjelder endre