Sandi Morris (fødd 8. juli 1992) er ein USA-amerikansk stavhoppar som vann sølvmedaljen i øvinga både under Sommar-OL 2016 og i verdsmeisterskapane 2017, 2019 og 2022. Ho sette i 2016 landsrekord med 5,00 meter, ein rekord som framleis står i 2024.

Sandi Morris


Statsborgarskap USA
Fødd 8. juli 1992 (32 år)
Downers Grove
Idrett friidrett
Tok del i VM i friidrett 2015, Friidrett under Sommar-OL 2016 – Stavsprang kvinner, VM i friidrett innendørs 2022 – Stavsprang kvinner

Aktiv

endre

Morris viste stor framgang i stavhopp i 2015-sesongen. Den 18. juli forbetra ho sitt personbeste til 4,76 m ved eit stemne i Heusden-Zolder i Belgia. I slutten av august kom ho på ein tredelt fjerdeplass i Beijing-VM med 4,70 m. Under dei olympiske leikane i Brasil sommaren 2016 tok Morris og greske Ekateríni Stefanídi, som dei einaste, seg over 4,85 m, begge i andre forsøk. Også 4,80 m klarte begge utøvarane i andre forsøk. Dermed vart deira respektive forsøk på 4,70 m avgjerande for gullstriden; Stefanídi gjekk over den høgda i sitt fyrste hopp, Morris måtte ha to opp på 4,70 og vart vist til sølvplass. Tre veker etter OL-tevlinga presterte Morris sitt livs beste stavhopp, den 9. september svinga ho seg over 5,00 meter i Brussel.

 
Sandi Morris

I verdsmeisterskapen 2017 i London vann Morris ein ny sølvmedalje i stavhopp, klart slått av Stefanídi. Også under VM 2019 i Doha enda Morris opp med sølvmedaljen, etter ei svært jamn tevling med Anzjelika Sidorova. Begge låg likt etter 4,90 m, årsbeste for Morris og personbeste for Sidorova. Tevlinga vart avgjort då Sidorova lukkast ta seg over 4,95 meter i sitt siste forsøk.

Etter ho i 2021 ikkje klarte kvalifisere seg til finale i Tokyo-OL, kom Morris sterkt tilbake då VM i friidrett 2022 fann stad i heimlandet. Ho og landskvinna Katie Moon var dei einaste som kom seg over 4,85 meter, Moon kneip gullmedaljen ved å ta høgda i fyrste forsøk, Morris svinga seg over 4,85 m i andre forsøk og fekk sølv.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

endre

Kjelder

endre