Fabrikklokala til SandnesGarn ved Foss-Eikeland i Sandnes.
Mariusgenseren er ein populær strikkegenser frå 1950-talet, lansert av Sandnes Uldvarefabrik i 1952.

Sandnes Garn (tidlegare Sandnes Uldvarefabrik) er ein garnfabrikk ved Foss-Eikeland i Sandnes kommune i Rogaland. Fabrikken er ein av dei eldste ullvarefabrikkane i landet, og er i dag ein leiande produsent av strikkegarn og industrigarn. Verksemda har om lag 95 tilsette og ein eksportandel på 27 %.

Sandnes Uldvarefabrik 1888-1986Endra

Sandnes Uldvarefabrik vart skipa i 1888. Dei fyrste bygningane vart reist i Vågen i Sandnes, og produksjonen kom i gang i 1889. Verksemda hadde stor vekst etter 1905, og fabrikken vart utvida i 1910. Det vart kjøpt inn kjembemaskiner i 1932. Sandnes Uldvarefabrik lanserte mariusgenseren i 1952 og strikkeklubben StrikkEss i 1954. Strikkeklubben var lansert for å auka garnsalet.[1]

Verksemda gjekk godt fram til midten av 70-talet, då ullvareprisane vart svært høge. I 1975 vart Sandnes Uldvarefabrik slegen saman med Sandnes Kamgarn Spinneri for å takla utfordringane i bransjen. Firmaet vart eit av dei marknadsleiande i Noreg, og heldt ein imponerande del av markedet for handstrikkegarn. 21. august 1978 brann ullvarefabrikken ned til grunnen. Under gjenreisinga vart fabrikken flytt til Foss-Eikeland utanfor Sandnes. I dag står kjøpesentret Vågen Amfi på branntomta til ullvarefabrikken.

Sandnes Kamgarn Spinneri 1906-1986Endra

Sandnes Kamgarn Spinneri vart skipa i Vågen av Walter Roff i 1906. Fabrikken vart utvida i 1932. Då Sygna UldvarefabrikHermansverk gjekk konkurs i 1972, tok Kamgarnspinneriet over drifta der. Sandnes Kamgarn Spinneri fusjonerte med Sandnes Uldvarefabrik i 1975. Produksjonen på Hermansverk tok slutt i 1982. Merkenamnet Sandnes Kamgarn Spinneri avvikla i 1986, og all produksjonen vart flytt til Sandnes Uldvarefabrik sitt nye anlegg på Foss-Eikeland. Kamgarnspinneriet vart tømt for maskiner i 1988, og vart ombygt til kulturhus i 2000.

Sandnes Uldvarefabrik etter 1986Endra

I 1986 stod det moderne nybygget til Sandnes Uldvarefabrik på Foss-Eikeland ferdig. Verksemda vart kjøpt opp av Sagatex i 1995, men vart kjøpt att av lokale krefter i 2000. Dei nye eigarane investerte 15 millionar i ny maskinpark. Namnet vart endra til SandnesGarn i 2006.

KjelderEndra

  1. Då moten kom. Frå vadmål til mikrofiber, Hå: Hå kommune, 1998, s. 152. Fulltekstutgave fra Nasjonalbiblioteket.

BakgrunnsstoffEndra