Sandra

kvinnenamn

Sandra er eit kvinnenamn som er ei kortform av Aleksandra, som er eit namn med gresk opphav. Den avleidde forma Sandra skal fyrst ha vorte teke i bruk i Italia som kortnamn for Alessandra, den italienske forma av namnet Aleksandra. Tilsvarande mannsnamn er Sandro og Sander. Sandra kan også vere ei kortform av Kassandra.

Namnetrekket til den amerikanske juristen Sandra Day O'Connor.
Namnetrekket til den italienske skodespelaren Sandra Mondaini.
Den amerikanske skodespelaren Sandra Dee i ein filmtrailer.

Sandra i Noreg og Sverige endre

I Noreg var namnet ein del bruka på slutten av 1800-talet, men gjekk so nesten ut av bruk til det tok seg noko oppatt frå 1940-talet og utover. Namnet fekk ein stor oppsving på midten av 1980-talet og har helde seg ganske populært sidan, men det har ikkje noko år vore mellom dei ti mest gjevne jentenama i Noreg sett under eitt. Dei som fekk namnet på slutten av 1800-talet budde til størstedelen i Nordland og Troms, hovudområdet frå etter andre verdskrigen var Sør-Vestlandet.

Mellom 1996 og 2005 har det kvart år vore mellom 134 og 220 jentebarn som har fått namnet Sandra. 1. januar 2006 var det 4592 jenter og kvinner i Noreg som hadde Sandra som fyrste førenamn.

I Sverige har namnebruken hatt ei liknande utvikling som den i Noreg, men namnet vart der endå meir populært på 1980-talet. Sandra var på sitt mest populære det sjette mest gjevne namnet til jentebarn i Sverige. Pr. 31. januar 2005 var det 24 155 jenter og kvinner som hadde Sandra som fyrste førenamn i Sverige.

Namnedag endre

Sandra har namnedag 17. februar både i Noreg og Sverige.

Kjende namneberarar endre

Fiktive figurar med namnet Sandra endre

Bakgrunnsstoff endre