Sandra Kim

belgisk songar

Sandra Caldarone, kjent som Sandra Kim (fødd 15. oktober 1972) er ein belgisk songar med italiensk bakgrunn som vann Eurovision Song Contest 1986 i Bergen då ho berre var 13 år gamal.

Sandra Kim

Fødd15. oktober 1972 (51 år)
FødestadSaint-Nicolas (Belgia)
FødenamnSandra Caldarone
AliasSandra Kim
OpphavBelgia
Aktiv1986–
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somsongar

Ho vart fødd i Montegnée, nær Liège, og byrja å synge då ho var sju år gammal. Ifylgje boka The Eurovision Song Contest – The Official History var ho berre 13 år gamal då ho vann Eurovision Song Contest, sjølv om ho i teksta til vinnarsongen J'aime la vie påstår at ho er 15. Sveits prøvde å få songen diskvalifisert då det vart klårt at ho var yngre enn ho gav seg ut for å vere.

I 1994 gifta ho seg med Olivier Gerard, men dei skildest året etter. Ho har vore gift med Jurgen Delanghe sidan 2001.

Eurovision Song Contest 1986 endre

Bergen var vertsby for Eurovision Song Contest 1986, og Norsk rikskringkasting (NRK) valde Grieghallen som stad for arrangementet. Sandra Kim vann med songen J'aime la vie då ho berre var 13 år gammal. Det mest kjende med arrangementet var at Sandra saman med ei rekkje pressefolk tok turen med Fløibanen, men kom ikkje lenger enn til det nest siste stoppet før Fløien stasjon grunna eit tryggleiksproblem. Vogna seig eit par meter bakover før passasjerane måtte klatre ut av vogna; men inkje alvorleg hende.