Fløibanen er den einaste skjenegåande kabelbanen i Skandinavia for persontransport.

Fløibanen

Transporttype Kabelbane
Stad Bergen i Noreg
Opna 1918-01-1515. januar 1918
Drift
Eigar Fløibanen AS
Operatør Fløibanen AS
Sporlengde 850 m
Sporvidde 1 m
Linjer 1
Stasjonar 5
Passasjertal 1,2 millionar årleg
Vognmateriell
Vognar 2
Høgste fart 20 km/t
Høgste fart i drift 14 - 20 km/t
Passasjerar 100

Banen går frå sentrum (Vetrlidsallmenningen) til Fløyfjellet med Fløien Folkerestaurant. Fløibanen er ein av dei største og mest vitja turistattraksjonane i Bergen og har årleg om lag ein million påstigingar. Banen vart bygd etter mønster av liknande banar i Sør-Tyskland, Italia og Sveits. Byggjearbeida starta i 1914 og banen vart offisielt opna i 1918. To vogner som kvar rommar om lag 100 passasjerar køyrer mellom Bergen sentrum og Fløyen året rundt. Banelengda er 844 m og banen har ei stiging på mellom 15 og 26°. Høgdeskilnaden mellom nedre og øvre stasjon er 302 m.


Linjekart endre

Teiknforklaring
  Fløien 320 moh.
 
  Stopp utan av-/påstiging
(for motgåande stopp ved Proms gate)
  Skansemyren 181 moh.
 
 
 
  Fjellveien 114 moh.
  Proms gate 59 moh.
 
  Vetrlidsallmenningen (Sentrum) 18 moh.

Kuriosa endre

Ein liknande kabelbane finst òg i hovudstaden WellingtonNew Zealand, og der er òg ein stutt kabelbane opp mot Montmartre i Paris i Frankrike.



Bakgrunnsstoff endre