Sandra Márjá West

Sandra Márjá West (fødd 11. oktober 1990) er ein norsk samisk politikar. Ho vart i 2013 vald inn som sametingrepresentant for Norske Samers Riksforbund (NSR) i Gáisi valkrins, og attvald i 2017 og 2021. West var festivalsjef for Riddu Riđđu frå 2018 til 2022.[1]

Sandra Márjá West

Foto: Kenneth Hætta/Sametinget
Fødd11. oktober 1990 (33 år)
Statsborgar avNoreg
PartiNorske Samers Riksforbund
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet
MorLene Antonsen
Alle verv
  • sametingsrepresentant (2013–2017)
  • sametingsrepresentant (2017–2021)
  • sametingsrepresentant (2021–Ukjent) Sjå dette på Wikidata

Ho har tidlegare m.a. vore prosjektleiar for Indigenous Youth Gathering (IYG) ved urfolkfestivalen Riddu Riđđu, og var i perioden 2012–2013 òg ein av tre samiske vegvisarar ved Samisk høgskule. Av fagleg bakgrunn har ho ein bachelor i russlandsstudium frå Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. Ho har studert ved folkehøgskolen Samernas Utbildningscentrum i Jokkmokk i Sverige.

Sandra Márjá West er dotter av den samiske språkforskaren Lene Antonsen.

Verv endre

  • 2013–? Varamedlem i Riddu Riđđu Festival
  • 2009–? Varamedlem i Riddu Riđđu Searvi
  • 2013–dd Sametingrepresentant
  • 2017–? medlem i Samisk parlamentarisk råd

Kjelder endre

  1. Riddu Riđđu. Sandra Marja West blir ny festivalsjef. Lese den 31.10.2021.