Opna hovudmenyen

Lene Antonsen

Samisk lingvist
Lene Antonsen
Lene Antonsen frå Giellatekno og Børre Gaup frå DivvunRiddu Riđđu 2019

Lene Antonsen (fødd i 1962) er ein samisk språkforskar frå Tromsø i Noreg. Ho er tilsett som førsteamanuensis i samisk ved Institutt for språk og kultur ved UiT Noregs arktiske universitet.

Lene Antonsen er cand.philol. med ei hovudoppgåve om språkendring i bøyingsverket i Kåfjorddialekten av nordsamisk frå 2007, og Ph.D. med ei avhandling (2018) om samisk språkteknologi, begge frå UiT, og med finsk, arkeologi og pedagogikk i fagkrinsen. Ho er og utdanna trykkar frå Brundalen videregående skole i Trondheim, og har arbeidd som samisklærar, først i Karasjok, og deretter, i 1994-2006 som språkkonsulent i Kåfjord kommune og etter kvart som leiar for Gáivuona sámi giellaguovddáš[1]

Arbeid som forskarEndra

Antonsen har arbeidd framfor alt med samisk språkteknologi, både med maskinomsetjing, e-læring, e-leksikografi og automatisk morfologisk og syntaktisk analyse. Doktoravhandlinga frå 2018 gjev ei innføring til arbeidet hennar på dette området. Ho har også arbeidd med emne frå samisk grammatikk, både med adposisjonar (jf. Antonsen, Janda og Bals Baal 2012, Janda, Antonsen og Bals Baal 2014) og med possessivsuffiks. Både hovudoppgåva og senare arbeid (Antonsen 2008) har tatt opp diakrone aspekt ved nordsamisk morfologi.

Sjølv om dei fleste publikasjonane hennar handlar om nordsamisk, har ho også arbeidd med sør-, lule- og enaresamisk.

Arbeid som pedagogEndra

Lene Antonsen var sentral i oppbygginga av det samiske språksenteret i Kåfjord, noko ho dokumenterer i Antonsen og Broch Johansen 2013. Ein grundigare og komparativ analyse av verksemda ved alle dei samiske språksentra er Antonsen 2015. Ho integrerte samiskundervisninga med allment arbeid for samisk kultur, og var også redaktør for Årbok for Nord-Troms i fleire år.

Arbeid med duodjiEndra

Lene Antonsen gjorde eit viktig arbeid for å dokumentere Lyngenkofta, jf. Antonsen 1997.

AnnaEndra

Lene Antonsen er mor til den samiske politikaren og kulturarbeidaren Sandra Márjá West.

FotnotarEndra

  1. Dei biografiske opplysningane byggjer på presentasjonen i Samisk skolehistorie 6

Bibliografi (utval)Endra

BakgrunnsstoffEndra