Sandvik Camping
campingplass i Luster
(Omdirigert frå Sandvik camping)
Sandvik Camping er ein campingplass som ligg i ein gammal frukthage i Gaupne, inst i Sognefjorden. Der er det både høgstandard-hytter og enkle campinghytter, resepsjon og pizzeria. Campingplassen ligg midt mellom tre nasjonalparkar: Jostedalsbreen, Breheimen og Jotunheimen. Frå hyttene ser ein delar av Jostedalsbreen.
Sandvik Camping er ein del av PlusCamp og er med i Sogn fruktrute.