Blodtopp

(Omdirigert frå Sanguisorba officinalis)
Blodtopp
Blodtopp
Blodtopp
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Rosefamilien Rosaceae
Underfamilie: Rosoideae
Slekt: Blodtoppslekta Sanguisorba
Art: Blodtopp S. officinalis
Vitskapleg namn
Sanguisorba officinalis

Blodtopp (Sanguisorba officinalis) er ein blome i blodtoppslekta.

Han veks i kystområde i Noreg sør i landet og nord til Hardangerfjorden. Planten er rekna som livskraftig i Noreg.[1]

Blome av blodtopp.

BrukEndra

Blodtopp er blitt brukt innan urtemedisin, opphavet til det vitskaplege namnet officinalis. Han blei også kalla pimpinell, pimpernell eller bibernel, på apoteklatin Pimpinella italica. I dag er pimpernell namnet på ein annan, nærskild blom, Sanguisorba minor.

I folkemedisin er blodtopp nytta innvortes ved diarré og utvortes ved brennsår (fersk, sreld rot). Også fersk saft av ein blømande plante kan brukast. Aktive stoff er garvestoff, saponin og flavonoid.[2]

KjelderEndra

  1. «Blodtopp». Artsdatabanken. Henta 4. august 2018. 
  2. Örtmedicin och växtmagi, Reader’s Digest AB, 1983

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Blodtopp