Sanitetsbataljonen
Sanitetsbataljonen (SANBN) er ein støttebataljon i Brigade Nord som har til oppgåve å behandla såra i strid og krigssituasjonar. I praksis bistår Sanitetsbataljonen med å stabilisera såra personell til vidare evakuering frå striden til feltsjukehus.[1] Bataljonen utdannar soldatar innan førstehjelp, slik at dei kan utføra førstehjelp i svært stressande situasjonar. Bataljonen er difor avhengig av fysisk og mentalt robuste soldatar.[2] Sjølv om det eine kompaniet er stasjonert på Rena, held storparten av bataljonen til på Setermoen i Bardu.[3]
Sanitetsbataljonen | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1993–no | ||
Grein | Hæren | ||
Type | Bataljon | ||
Rolle | Sanitet | ||
Storleik | 250 soldatar | ||
Del av | Brigade Nord | ||
Garnison/HK | Setermoen | ||
Motto | «Profesjonalitet skaper troverdighet» | ||
Fargar | Kvit og raud |
Personellet i bataljonen nyttar Brigade Nord sin blå beret.
Kompani
endreBataljonstab
endreBataljonstaben er leiinga i Sanitetsbataljonen. På oppdrag er staben i kommandoplassen til kompani 5, og har det overordna ansvaret for plassering av feltsjukehus og logistikk.
Kompani 1
endreBrigadekompani 1 (Kp1) består av sanitetssoldatar (medic), som stabilerer og behandlar såra personell i strid. Dette kompaniet har i oppgåve å støtta Brigade Nord sine kampavdelingar med sanitetsstøtte under oppdrag.[1] Med hjelp av beltevogn BV206, feltvogn MB 240 og MB 300 og pansra personellvogner Sisu XA-180, evakuerer kompaniet pasientar til feltsjukehusa.[4] Kompaniet utdannar personell innan nivå 3 førstehjelp, og består stort sett vernepliktig personell, som har innrykk i august.[1]
Kompani 3 HRS
endreSanitetskompani 3 er bataljonen sin HRS-styrke, og består utelukkande av verva personell.[1] Hovudoppgåva er å støtta Telemark bataljon og resten av NATOs hurtige reaksjonsstyrke (NRF). Kompaniet held til på Rena. Kompaniet er ofte ein del av eit samvirkesystem, og stiller ofte soldatar til internasjonale operasjonar.[1] Sanitetskompani 3 er stort sett likt utstyrt som Brigadekompani 1.
Kompani 5
endreDette kompaniet har i oppgåve å oppretta og drifta Brigade Nord sitt feltsjukehus.[1] Pasientar vert frakta dit for behandling. Feltsjukehuset har moderne utstyr og kapasitet til å gjennomføra avansert kirurgi, ved hjelp av profesjonelle legar. Sidan bataljonen er ein materielltung avdeling, har kompaniet kapasitetar innan reperasjon. Reperasjonslaget er mekanisk og teknisk flinke soldatar som er kritiske for å halda stridsevna til bataljonen oppe.[5] Kp5 etablerer òg kommandoplassen, som er satt opp med containerar og telt. Kommandoplassoldatane er oppsatt på Scania lastevogn og MB 240 feltvogner. Nokre av soldatane i kommandoplasslaget fungerer som sambandsoperatørar i felt. Desse er inndelt i mindre relélag som sikrar sambandet mellom lag og kompani. På lik linje med sambandssoldatar i Sambandsbataljonen, opererer ofte soldatane åleina og åtskilt frå resten av Stabstroppen. Difor stillest det krav til sjølvstendige og robuste soldatar.[5]
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 ««Sanitetsbataljonen»». Forsvaret. Henta 13. desember 2014.
- ↑ ««Sanitetssoldat i Sanitetsbataljonen»». Forsvaret. Henta 13. desember 2014.
- ↑ ««Sanitetsbataljonen»». Store Norske Leksikon. Henta 13. desember 2014.
- ↑ ««Vognfører/vognkommandør i Sanitetsbataljonen»». Forsvaret. Henta 13. desember 2014.
- ↑ 5,0 5,1 ««Støttetjeneste i Sanitetsbataljonen»». Forsvaret. Henta 13. desember 2014.