For namnet Sanna, sjå Sanne

Sanna er ei øy i Træna kommune på kysten av Helgeland i Nordland. Ho har eit areal på 3,0 km² og 6 innbyggjarar (2001). Sanna har 5 karakteristiske fjelltoppar. Det høgaste punktet er Trænstaven på 339 moh. Under ein av dei andre fjelltoppane ligg ei stor grotte som heiter Kirkhelleren. Denne vert brukt kvar sommar under Trænafestivalen som konsertlokale.

Sanna
Nordenden av Sanna med fjellet Trænstaven sett frå sjøen.
Nordenden av Sanna med fjellet Trænstaven sett frå sjøen.
Geografi
Stad Helgeland
Koordinatar 66°30′17″N 12°02′34″E / 66.50472°N 12.04278°E / 66.50472; 12.04278

Areal 3,0 km²

Høgaste punkt Trænstaven (339 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Nordland

Demografi
Folketal 6 (2001)
Folketettleik 2,0 /km²

Husøya ligg rett aust for Sanna.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.