Sara Evans
Sara Lynn Evans (fødd 5. februar 1971) er ein USA-amerikansk countrysongar og låtskrivar.
Sara Evans | |||
Sara Evans i 2018 | |||
Fødd | 5. februar 1971 (53 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Boonville i Missouri i USA | ||
Fødenamn | Sara Lynn Evans | ||
Opphav | Nashville i USA | ||
Aktiv | Sidan 1997 | ||
Sjanger | Country | ||
Instrument | Vokal, gitar | ||
Tilknytte artistar | Barker Family Band, Vince Gill | ||
Plateselskap | RCA Nashville, Sugar Hill, Born to Fly | ||
Verka som | Songar, låtskrivar |
Evans har gjeve åtte studioalbum, der Three Chords and the Truth var debutalbumet i 1997. Born to Fly er det bestseljande albumet hennar og har selt til 2x-platinaplate i USA for over to millionar selde eksemplar. Ho har hatt meir enn 20 singlar inne på den amerikanske Billboard Hot Country Songs-lista. Den første større hitten hennar var «No Place That Far» som nådde toppen av lista i 1989. Ho har hatt fire singlar til på toppen av lista, med «Born to Fly» (2000-2001), «Suds in the Bucket» (2004), «A Real Fine Place to Start» (2005) og «A Little Bit Stronger» (2010-2011), i tillegg til fire songar til som nådde topp 10.
Evans har òg samarbeidd med The Warren Brothers, Vince Gill, Martina McBride, Mindy McCready, Lorrie Morgan, Phil Vassar og Pat Green blant fleire.
Diskografi
endre- 1997: Three Chords and the Truth
- 1998: No Place That Far
- 2000: Born to Fly
- 2003: Restless
- 2005: Real Fine Place
- 2011: Stronger
- 2014: Slow Me Down
- 2014: At Christmas
- 2017: Words
- 2020: Copy That
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sara Evans» frå Wikipedia på engelsk, den 7. november 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: