Nyslott
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå 1525 Savonlinna.
61°52′05″N 28°53′10″E / 61.86806°N 28.88611°E
Nyslott | |||
by | |||
Land | Finland | ||
---|---|---|---|
Region | Östra Finlands län | ||
Distrikt | Södra Savolax | ||
Areal | 3 597,71 km² | ||
Folketal | 36 414 | ||
Nyslott 61°52′05″N 28°53′10″E / 61.868055555556°N 28.886111111111°E | |||
Kart som viser Nyslott.
| |||
Wikimedia Commons: Savonlinna |
Nyslott, på finsk Savonlinna er ein by og kommune i Södra Savolax i Finland. Byen blei grunnlagd i 1639 av Per Brahe. Han er kjend for festningen St. Olafs slott (Olavinlinna), der Nyslotts operafestival blir halden kvar sommar.
Nyslott er ein finskspråkleg kommune som grensar til kommunene Enonkoski, Heinävesi, Kitee, Liperi, Rantasalmi, Ruokolahti, Rääkkylä, Sulkava og Varkaus. Han har rundt 36 414 innbyggjarar og dekkjer 3 597 km² etter at han blei slått sammen med Savonranta kommune 1. januar 2009. 1. januar 2013 blei også Kerimäki og Punkaharju slått saman med Nyslott.
Byen er bygd på holmar og oddar i Saimen-sjøsystemet. Han ligg ved innsjøen Pihlajavesi i landskapet Savo, 9 mil nordaust for St. Michel. Han voks opp rundt St. Olavsslottet, som var svensk grensefestning mot aust. Byen var under russisk styre 1714-1721 og frå 1743-1812.
Nyslott er ein skuleby og har tre- og lêrindustri. Turisttrafikken er også svært viktig, med den internasjonale operasfestivalen som ei viktig årleg hending.
Sidan 2000 har ein også halde årlege verdsmeisterskap i mobiltelefonkasting Mobile Phone Throwing World Championships.[1]
-
St. Olafs slott
-
Nyslott jernbanestasjon
-
Nyslott kyrkje
-
Nyslott rådhus
Venskapsbyar
endreBakgrunnsstoff
endre- Nyslott[daud lenkje] i Uppslagsverket Finland
Kjelder
endre- Savonlinna (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 22. februar 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Nyslott» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2014.