Schouwen-Duiveland
Schouwen-Duiveland er ein kommune og ei øy i provinsen Zeeland sørvest i Nederland.
Schouwen-Duiveland | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land Provinsar |
Nederland Zeeland | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By - Land - Vatn |
488,94 km² 231,07 km² 257,87 km² | ||||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2007) - folketettleik |
34 152 148/km² | ||||
Koordinatar | 51°42′N 3°55′E / 51.700°N 3.917°E | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Nettstad: www.schouwen-duiveland.nl |
Brouwersdam er ei demning som er ein del av Deltaprosjektet og som strekkjer seg frå Schouwen-Duiveland til Goedereede, den vestlege delen av øya Goeree-Overflakkee i Zuid-Holland.
Tettstader i kommunen
endreBrijdorpe, Brouwershaven, Bruinisse, Burgh, Burghsluis, Dreischor, Elkerzee, Ellemeet, Haamstede, Kerkwerve, Looperskapelle, Moriaanshoofd, Nieuwerkerk, Nieuwerkerke, Noordgouwe, Noordwelle, Oosterland, Ouwerkerk, Renesse, Scharendijke, Schuddebeurs, Serooskerke, Sirjansland, Westenschouwen, Zierikzee og Zonnemaire.
Det er ingen tettstader med same namn som kommunen. Kommunen er kalla opp etter øya, som igjen har fått namnet sitt frå to tidlegare øyar, Schouwen og Duiveland (og Dreischor) som vart polderisert saman.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell side
- Kommunekart Arkivert 2005-12-31 ved Wayback Machine.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Schouwen-Duiveland» frå Wikipedia på engelsk, den 12. februar 2008.