Scotia
Scotia er eit latinsk stadnamn avleidd frå scoti eller gælarar, ei folkegruppe frå Irland og dagens Skottland. Det var opphavleg eit latinsk namn på landet der desse folka heldt til, og er fyrst dokumentert seint på 200-talet.[1] Frå 800-talet byrja tydinga av omgrepet til å gå over til å visa til den delen av øya Storbritannia som låg nord for Firth of Forth: Kongeriket Skottland.[1] I seinmellomalderen var det blitt det vanlege latinske namnet på Skottland.
Scotia blei opphavleg brukt som eit namn for Irland, til dømes av Adomnán i livssoga om heilage Columba frå 600-talet.[1] Under Den skotske sjølvstendekrigen nytta kong Robert I av Skottland (Robert the Bruce) og Domhnall Ua Néill namna Scotia Maior (Stor-Scotia) om Irland og Scotia Minor (Vesle Scotia) om Skottland. Etter 1000-talet blei Scotia hovudsakleg brukt om Skottland.
Avleiingar
endreDei romanske namna på Skottland er avleidde frå «Scotia», som det franske namnet Écosse. Også germanske namn på Skottland viser til skottane eller scoti. Berre keltiske språk nyttar namn med ei anna avleiing, frå namnet Alba.
Namnet er blitt brukt om fleire andre stader, som den kanadiske provinsen Nova Scotia, som tyder 'Ny-Skottland' og busetnadane Scotia i New York og Scotia i California i USA.
Det blei brukt om skuta ein brukte til Scotia-ekspedisjonen i Antarktis i 1902–04. Fleire stader i Antarktis blei kalla opp etter skuta, som Scotiahavet, Scotia Bay og Scotiaplata.
Scotiabank er handelsnamnet for ein bank i Nova Scotia.
Pride Scotia har vore namnet på pride-markeringar i Skottland sidan 2004.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Scotia» frå Wikipedia på bokmål, og «Scotia» frå Wikipedia på engelsk den 5. september 2022.