Scott 3
Scott 3 Studioalbum av Scott Walker | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | mars 1969 | |
Sjanger | barokkpop, kunstpop | |
Lengd | 37:22 | |
Selskap | Philips / Fontana | |
Produsent | John Franz | |
Scott Walker-kronologi | ||
---|---|---|
Scott 2 (1968) |
Scott 3 | Scott: Scott Walker Sings Songs from his TV Series (1969)
|
Scott 3 er det tredje soloalbumet til songaren og låtskrivaren Scott Walker.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Då det kom ut i 1969 selde det tregare enn dei førre albuma hans, sidan pop-publikummet strevde med å henge med på eksperimenta til Walker. Dei fyldige strykearrangementa til Wally Stott verka å skape ein Vegas-aktig atmosfære som smørsongar på bar, men med hint av surrealistiske tonar og ein snert av dissonans.
Sidan det kom ut har det vert rekna som favorittalbumet til mange Walker-fans. Tittelen på samleplata Fire Escape in the Sky: The Godlike Genius of Scott Walker er henta frå teksten i songen «Big Louise», og dokumentaren frå 2006, Scott Walker: 30 Century Man, er kalla opp etter etter «30 Century Man».
Ein coverversjon av «30 Century Man» av Jigsaw Seen vart nytta i animasjonsfilmen Futurama: Bender's Big Score.
Dei siste tre spora på albumet er innspelingar av songar av Jacques Brel.
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Scott Walker (som Noel Scott Engel), utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «It's Raining Today» | 4:02 |
2. | «Copenhagen» | 2:22 |
3. | «Rosemary» | 3:22 |
4. | «Big Louise» | 3:10 |
5. | «We Came Through» | 1:59 |
6. | «Butterfly» | 1:42 |
7. | «Two Ragged Soldiers» | 3:07 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
8. | «30 Century Man» | 1:29 | |
9. | «Winter Night» | 1:45 | |
10. | «Two Weeks Since You've Gone» | 2:48 | |
11. | «Sons Of» | Gérard Jouannest, Jacques Brel, Mort Shuman | 3:45 |
12. | «Funeral Tango» | Jouannest, Brel, Shuman | 2:56 |
13. | «If You Go Away» | Brel, Rod McKuen | 4:57 |
Den originale amerikanske Smash-utgåva hadde ikkje med «30 Century Man», og erstatta denne med «Lights of Cincinnati», som ikkje var med på den britiske versjonen av albumet. Dei to utgåvene hadde òg forskjellig plateomslag.
Medverkande
endre- Scott Walker - vokal
- Wally Stott - Arrangert og dirigerte alt utanom «30 Century Man» og «Funeral Tango»
- Peter Knight - Arrangerte og dirigerte «Funeral Tango»
Lister
endreListe | Plassering |
---|---|
UK Albums Chart[2] | 3 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Scott 3» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mai 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Allmusic review
- ↑ «Chart Stats - Scott Walker». chartstats.com. Arkivert frå originalen 8. oktober 2012. Henta 29. oktober 2013.