Scott 2
Studioalbum av Scott Walker
Språk engelsk
Utgjeve Mars 1968[1]
juli 1968 (1968-07) (US)
Innspelt 1967-1968
Sjanger barokkpop
Lengd 43:47
Selskap Philips
Smash Records (US)
Fontana (CD)
Produsent John Franz
Scott Walker-kronologi 
Scott
(1967)
Scott 2 Scott 3
(1969)
Singlar frå Scott 2
  1. «Jackie» med «The Plague»
    Utgjeve: 1967

Scott 2 er det andre soloalbumet til Scott Walker.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars[2]

Oversyn

endre

Scott 2 følgjer same formelen som debutplata til Walker med ei blanding av samtidige coverversjonar («Black Sheep Boy», «The Windows of the World») Jacques Brel-tolkingar («Jackie», «Next», «The Girls and the Dogs»), filmsongar («Wait Until Dark», «Come Next Spring») og originale songar («The Amorous Humphrey Plugg», «The Girls from the Streets», «Plastic Palace People», «The Bridge»). Hans eigne og Brel sine songar var langt meir vågale enn på Scott, der «Jackie», «Next» og «The Girls from the Streets» handlar om seksuelle tema og ein dekadent livsstil.

I følgje Jonathan King som skreiv teksten i omslaget til Scott 2, skal Walker ikkje lenge etter albumet var ferdig ha skildra det som «verket til ein lat, njotingssjuk mann». Han la til «no må visvaset stoppast og det seriøse byrje». King skriv vidare om Walker: «Eg tvilar ikkje på at om mange år frå no, over ein romaldermiddag av vitamin så vil han sei: 'Vel, dei siste femti åra var kjekke, men no må me gjere noko skikkeleg.' Og han kjem til å meine det.»[3]

Utgjeving og mottaking

endre

Albumet, som kom ut på Philips Records i mai 1968, nådde førsteplassen i ei veke og låg inne på UK Albums Chart i 18 veker.[4] Før albumet kom singelen «Jackie» seint i 1967. Singelen vart kontroversiell i Storbritannia på grunn av tekstlinjer som «authentic queers and phony virgins» og narkotikareferansar.[5] Songen vart bannlyst av BBC og ikkje framført på BBC TV eller radiokanalar. Songen nådde etter kvart 22. plass.[4]

Innhald

endre
Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Jackie»Jacques Brel, Gérard Jouannest, Mort Shuman3:23
2.«Best of Both Worlds»Mark London, Don Black3:14
3.«Black Sheep Boy»Tim Hardin2:39
4.«The Amorous Humphrey Plugg»Noel Scott Engel4:31
5.«Next»Brel, Shuman2:50
6.«The Girls from the Streets»Engel4:11
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Plastic Palace People»Engel6:06
8.«Wait Until Dark»Henry Mancini, Jay Livingston, Ray Evans2:59
9.«The Girls and the Dogs»Brel, Jouannest, Shuman3:10
10.«Windows of the World»Hal David, Burt Bacharach4:25
11.«The Bridge»Engel2:50
12.«Come Next Spring»Lenny Adelson3:24

Lister

endre
Liste År Plassering
UK Albums Chart[6] 1968 1

Medverkande

endre
  • Wally Stott - arrangement og dirigent (spor 1, 2, 12)
  • Reg Guest - arrangement og dirigent (spor 3, 4, 9)
  • Peter Knight - arrangement og dirigent (spor 6, 4)
  • Peter Olliff - lydteknikar

Kjelder

endre
  1. «Release: Scott 2 - MusicBrainz». Henta 29. oktober 2013. 
  2. Unterberger, Richie. Review: Scott 2. Allmusic. Henta 29. oktober 2013.
  3. «Scott 2 by SCOTT WALKER - LP - Boomkat - Your independent music specialist». Boomkat. Arkivert frå originalen 2. mars 2012. Henta 1. mai 2014. 
  4. 4,0 4,1 «Chart Stats - Scott Walker». chartstats.com. Arkivert frå originalen 8. oktober 2012. Henta 29. oktober 2013. 
  5. Williams, Lewis (2006). Scott Walker - The Rhymes of Goodbye (1st utg.). London: Plexus. s. 68. ISBN 0-85965-395-1. 
  6. «Chart Stats - Scott Walker - Scott 2». chartstats.com. Arkivert frå originalen 23. juli 2012. Henta 5 June 2011.