Screw-musikk er ein avart av sørstats-hiphop som kort fortalt består i å skru ned tempoet på allereie eksisterande songar. Ofte vert songane òg choppa, det vil seie at ein kuttar opp lyden, gjerne for å ta opp att utvalde ord og frasar.

Historie endre

Screw-musikken vart kjend gjennom den amerikanske DJen Robert Earl «DJ Screw» Davis Jr. (1971–2000) frå Houston i Texas. Han sette saman mixteipar med kraftig nedsett tempo for å simulera effekten av rusmiddelet prometasin (også kjend som kodein og sizzurp).

Etter at DJ Screw døydde av slag i 2000, vart screw-musikken vidareført av DJar som m.a. Michael "5000" Watts, OG Ron C og Paul Wall. Nyleg har fenomenet òg funne innpass i amerikansk mainstream-rap, der artistar som Mike Jones, Paul Wall og Bun B har opplevd stor suksess med å blanda inn element av det i songane sine.

I Noreg er screw-musikk eit særs smalt undergrunnsfenomen, men bergensbaserte artistar som Vågard, Broder Jo og Area har alle fått laga screwed-versjonar av eigne songar.