Scunthorpe
Scunthorpe (populært kalla Scunny, eller ironisk Sunny Scunny) er ein by i Lincolnshire i England. Han er administrasjonssenter for North Lincolnshire, og har litt over 70 000 innbyggjarar.
Scunthorpe | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Lincolnshire | |
Distrikt | North Lincolnshire | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2007) |
72 251 | |
Koordinatar | 53°35′N 0°39′W / 53.583°N 0.650°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | DN15 – 17 | |
Telefon-retningsnummer | 01724 | |
Byen er kjend som the Industrial Garden Town, «den industrielle hagebyen», fordi han på trass av å vere tungt industrialisert har hatt mange store hagar i sentrale område. Framleis er stålindustriselskapet Corus den største arbeidsgjevaren i området, men sysselsettinga i industrien har gått attende dei seinare åra. Industrien har sett sine spor, og byen er rekna som ein av dei tyngst dioxinforgifta i heile Storbritannia.
Byen har fotballaget Scunthorpe United, kalla "The Irons", som spelar i Championship, og har Glanford Park som si bane. Klubben har fostra både Ray Clemence og Kevin Keegan, og Ray Clemence er no ein av direktørane i klubben.
I Domesday Book (1086) er staden nemnd som Escumestorp, norrønt for «Skumas bruk».