Scuol
Scuol | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land | ![]() | ||
Kanton | Graubünden | ||
Distrikt | Inn | ||
Språk | retoromansk, tysk | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune |
144,14 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
2 376 16,5 /km² | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Høgd over havet | 1290 moh | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 7550 | ||
Nettstad: www.scuol.ch |
Scuol (av latinsk; scopulus: klippe) er ein kommune i distriktet Inn i den sveitsiske kantonen Graubünden. Kommunen har 2 376 innbyggjarar (2010) og eit areal på 144 km². Kommunesenteret ligg 1290 meter over havet.
Det offisielle språket er retoromansk, slik det er i heile området Unterengadin, men befolkninga snakkar også sveitsartysk.
GeografiEndra
Heile sørsida mot Piz Champatsch er ein del av skiområdet Motta Naluns med totalt 80 km med løyper og 12 heisar, noko som gjer det til eit av dei største skiområda i Sveits.[1]
Kommunen er hovudstad i Inn og høyrer til Suot Tasna kreis. Han er ein kjend kurstad og feriestad og eit handelssenter i Unterengadindalen. Han er den største landsbyen på venstresida av elva Inn. Han består av landsbyen Scuol med delar av Pradella og dan gamle gruvelandsbyen S-charl.
KlimaEndra
Unterengadin er kjent for sitt solrike klima og er mellom de turraste områda i heile alperegionen. Hovudmengda av nedbøren kjem om sommaren, mens februar er den turraste månaden. Området har lite fønvind, så det er jamnast ein del snø om vinteren.
BygningarEndra
Den seingotiske kyrkja St. Georg er frå 1516. Bydelen Scuol Sot har gamle og velhaldne bustadhus.
SamferdsleEndra
Scuol er austleg endestasjon på den engandinske delen av Rhätische Bahn, eit smalspora jarnbanenett i Graubünden.
KjelderEndra
- Delar av denne artikkelen bygger på «Scuol» frå Wikipedia på bokmål, den 13. oktober 2011.
- Denne artikkelen bygger på «Scuol» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
BakgrunnsstoffEndra
- Turisme
- Scuol sjukehus
- Scuol på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera.