Sde Eliyahu (hebraisk שְׂדֵה אֵלִיָּהוּ) er ein religiøs kibbutz nord i Israel. Han ligg 5 km sør for Beit She'an og høyrer til Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune.

Sde Eliyahu
kibbutz
Land  Israel
Region Beit She'an-dalen
Distrikt Nord distrikt
Koordinatar 32°26′24.71″N 35°30′54″E / 32.4401972°N 35.51500°E / 32.4401972; 35.51500
Folketal 686 (2015)
Grunnlagd 8. mai 1939
 •  Grunnlagd av Immigrantar frå Tyskland
Tilhøyrsle den religiøse Kibbutzrørsla
Kart
Sde Eliyahu
32°26′25″N 35°30′54″E / 32.440197222222°N 35.515°E / 32.440197222222; 35.515
Kart som viser Sde Eliyahu.
Kart som viser Sde Eliyahu.
Kart som viser Sde Eliyahu.
Wikimedia Commons: Sde Eliyahu
Nettstad: www.seliyahu.org.il

Historie

endre

Sde Eliyahu vart grunnlagd den 8. mai 1939 av tyske emigrantar som ei tårn og palisade-busetjing. Han vart kalla opp etter rabbien Eliyahu Guttmacher frå 1800-talet, ein av dei tidlegaste leiarane for religiøs sionisme, og i lag med Ein HaNatziv, Shluhot og Tirat Zvi dannar dei ei gruppe religiøse kibbutzar i området.

Immigrantar frå mange andre land har sidan slått seg ned i Sde Eliyahu. I 2007 budde det kring 800 innbyggjarar fordelt på 150 familiar.

Økonomi

endre

Kibbutzen produserer dadlar, druer, granateple, krydder og jordavlingar, i tillegg til mjølkekyr og fjørfe. Kibbutzen driv organisk jordbruk.

Bakgrunnsstoff

endre