Darryl Way
Richard Darryl Way (fødd 17. desember 1948)[1] er ein engelsk musikar innan både rock og klassisk musikk. Han var med å skipe Curved Air og var medlåtskrivar på den einaste hitsingelen deira, «Back Street Luv». Han er mest kjend som fiolinist, sjølv om han òg speler klaverinstrument.
Darryl Way | |||
Fødd | 17. desember 1948 (75 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Taunton, Somerset, England | ||
Fødenamn | Richard Darryl Way | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | Sidan 1960-åra | ||
Sjanger | Progressiv rock, folk, acid folk | ||
Instrument | fiolin, piano | ||
Tilknytte artistar | Curved Air | ||
Plateselskap | Cherry Red Records | ||
Verka som | låtskrivar, musikar |
Biografi
endreHan byrja musikkopplæringa si i Dartington College of Arts, og studerte seinare ved Royal College of Music. Då ham møtte Francis Monkman skipa dei bandet Sisyphus, som utvikla seg til å bli Curved Air.[2]
Etter tre album og ein hitsingel med Curved Air, slutta han i 1972 og skipa Darryl Way's Wolf, som òg spelte inn tre album før dei vart oppløyst. Det neste bandet hans, Stark Naked & the Car Thieves, tok ein pause då Curved Air vart skipa på ny seint i 1974.[3] Etter albumet Curved Air – Live vart Curved Air oppøyst på ny, men vart igjen samla att av Way med hovudsakleg medlemmar frå Stark Naked & the Car Thieves.[3] Han spelte inn to studioalbum med denne nye inkarnasjonen av gruppa før han igjen drog.[2]
Han spelte på to spor på Jethro Tull-albumet Heavy Horses i 1978. Sidan spelte han inn fleire soloalbum, inkludert Concerto for Electric Violin, som hadde premiere på South Bank Show med Royal Philharmonia Orchestra i 1978.
Curved Air kom saman att for ei kort stund i 1990 og eit konertopptak frå denne tida kom ut på eit album i 2000.
I november 1996 hadde ein opera han hadde skrive, The Russian Opera, premiere på The Place Theatre i London.
I 2008 tok han del i fleire konsertar med Curved Air.
Diskografi
endreMed Curved Air
endre- Air Conditioning (1970)
- Second Album (1971)
- Phantasmagoria (1972)
- Live (1975)
- Midnight Wire (1975)
- Airborne (1976)
- Renegade med We're Only Human (1984)
- Live At The BBC (1995)
- Alive, 1990 (2000)
Med Darryl Way's Wolf
endre- Canis Lupus (1973)
- Saturation Point (1973)
- Five in the Morning med Bunch of Fives (1973)
- Night Music (1974)
- Darryl Way's Wolf (samling frå Canis Lupus og Saturation Point) (1974)
- Birds (1975)
- Expresso II (1978)
Med Jethro Tull
endre- Heavy Horses (1978)
Solo
endre- Concerto for Electric Violin (1978) - Francis Monkman på syntheisizer
- Little Plum med Sweet Dreams (1982) - produsert av Martin Gordon for Snat Records
- As Long as There's a Spark... (1983) - EP
- Little Plum (remix) med Love Is The Driver (1984)
- Edge of the World (1984)
- The Human Condition: Suite for String Orchestra, Piano and Percussion (1987)
- Under the Soft (1991)
- Classical Rock (music for TV and Film) (2010)
- Ultra Violins (2013)
- Vivaldi's Four Seasons In Rock (2018)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Darryl Way» frå Wikipedia på engelsk, den 10. april 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Search Results for England & Wales Births 1837-2006». Findmypast.co.uk.
- ↑ 2,0 2,1 Brennan, Mark (1995). «Curved Air». In Midnight Wire [CD booklet]. Repertoire Records.
- ↑ 3,0 3,1 Sutcliffe, Phil & Fielder, Hugh (1981). L'Historia Bandido. London and New York: Proteus Books. ISBN 0-906071-66-6. Pages 15-16.