See My Baby Jive
See My Baby Jive Singel av Wizzard frå albumet Wizzard Brew | ||
B-side |
«Bend Over Beethoven»[1] | |
---|---|---|
Utgjeve | 6. april 1973[1] | |
Innspelt | 1973 | |
Sjanger | Glamrock[2] | |
Lengd | 5:00 | |
Selskap | Harvest[1] | |
Låtskrivar(ar) | Roy Wood[1] | |
Produsent | Roy Wood[1] | |
Wizzard-kronologi | ||
«Ball Park Incident» (1972) |
See My Baby Jive | «Angel Fingers» (1973)
|
«See My Baby Jive» er ein song frå 1973 av det britiske glamrockbandet Wizzard.
Songen er skriven og produsert av Roy Wood og var den andre singelen til bandet til Wood, og den første som nådde toppen på UK Singles Chart. Han låg fire veker på toppen av lista i mai og juni 1973.[3] Han nådde òg toppen av den irske IRMA-lista[4] og femteplassen på den tyske singellista. Songen nådde 12. plassen i Australia.[5] På etiketten på singelen stod det «Korvokal - The Suedettes».[6] Singelen var den sjette bestseljande singelen i Storbritannia i 1973.[7]
ABBA sa seinare at songen var ein stor inspirasjon då dei skreiv sin første store, internasjonale hit, «Waterloo» året etter.[8][9] Ein coverversjon av Flash Cadillac & the Continental Kids kom ut i 1977.[10]
Medverkande
endre- Roy Wood – vokal, elektrisk og akustisk gitar, sitar, cello, fagott, barytonsaksofon, kontrabass, basstuba, trombone, blokkfløyter, perkusjon
- Rick Price – bassgitar, vokal, perkusjon
- Bill Hunt – piano, cembalo, valthorn, trompet, tenorhorn, signalhorn, eufonium , tuba, lite glass, korvokal
- Hugh 'H' McDowell – cello og ARP-synthesiser
- Nick Pentelow – tenorsaksofon, klarinett & fløyte; bass korvokal
- Mike Burney – saksofon, klarinett & fløyte
- Keith Smart – trommer
- Charlie Grima – trommer, conga, perkusjon
Salslister
endreListe (1973) | Plassering |
---|---|
Australian Singles Chart | 12 |
Den austerrikske singellista | 20 |
Irish Singles Chart | 1 |
Den nederlandske singellista | 11 |
Den tyske singellista | 5 |
Den norske VG-lista | 9 |
UK Singles Chart[3] | 1 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «See My Baby Jive» frå Wikipedia på engelsk, den 18. april 2022.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Wizzard (2) - See My Baby Jive (Vinyl) at Discogs». Discogs.com. Henta 19. april 2022.
- ↑ Rivadavia, Eduardo (17. mars 2013). «Top 10 '70s Glam Rock Songs». Ultimate Classic Rock. Henta 19. april 2022.
- ↑ 3,0 3,1 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 286–7. ISBN 1-904994-10-5.
- ↑ «The Irish Charts - All there is to know». Irishcharts.ie. Henta 19. april 2022.
- ↑ «Australian Top 100 Singles of 1973». top100singles.net. Henta 19. april 2022.
- ↑ «Images for Wizzard (2) - See My Baby Jive». Discogs.com. Henta 19. april 2022.
- ↑ «Top Selling Singles for 1973». Sounds. London, England: Spotlight Publications: vol. 4, 5. januar 1974.
- ↑ «Eurovision stars ABBA wowed the world 40 years ago». Sundaypost.com. 6. mai 2014.
- ↑ «BBC - Radio 2 - Sold on Song - Song Library - Waterloo». Bbc.co.uk. Henta 19. april 2022.
- ↑ «Flash Cadillac and the Continental Kids's 'See My Baby Jive' - Discover the Original Song». WhoSampled.com. Henta 19. april 2022.