Wizzard Brew
Wizzard Brew Studioalbum av Wizzard | ||
Utgjeve | 1973 | |
Innspelt | 1972-1973 | |
Studio | Phonogram Studios og EMI Studios i London | |
Sjanger | ||
Lengd | 40:31 | |
Selskap | Harvest | |
Produsent | Roy Wood | |
Wizzard-kronologi | ||
---|---|---|
Wizzard Brew | Introducing Eddy and the Falcons (1974)
|
Wizzard Brew er debutalbumet til rockegruppa Wizzard, gjeve ut i 1973 på EMI sitt Harvest. Det nådde 29. plassen på UK Albums Chart.[2] I USA kom det ut på United Artists Records som Wizzard's Brew (med eit anna omslag), men kom ikkje inn på albumlista der.
I 2003 rangerte Mojo albumet på 18. plassen på lista si over «topp 50 eksentriske album».[3]
Utgjeving
endreDen originale utgjevinga kom med songtekstane på eine sida av omslaget og foto av bandet på den andre.[4] Det kom ut på ny på CD i 1999, men forsvann etter kort tid. Ei utvida, ommastra utgåve, med dei fire A- og B-sidene deira på den tida, kom ut på CD i november 2006.
Mottaking
endreStephen Thomas Erlewine skreiv for AllMusic at han følte Roy Wood skilde mellom dei tilgjengelege singlane til Wizzard og «den verkelege kunsten» på Wizzard Brew og sa: «Roy Wood designa Wizzard sine singlar med lyttarvennlege knaggar. Den «ekte kunsten» vart sett til side for albuma ... eller i det minste er det inntrykket debuten deira, Wizzard Brew, etterlèt. Det er vanskeleg å seia kva ein skal gjera med Wizzard Brew, og det verkar desto merkelegare sidan det vart gjeve ut same år som fire jublande, glitrande popsinglar, alle bevisst utelate frå LP-en. Stilmessig er ikkje albumet så forskjellig frå hitane -- fire av dei seks songane er solid forankra i 50-tals rock & roll, medan dei to andre går attende til The Move på sitt mest sjølvmedvitne britisk -- men musikken høyrest ut som om han vart framført av eit anna band. På ein måte fortset Wizzard Brew der «Brontosaurus» slapp, sidan grunnlaget er tungt på gitarar og kompliserte riff, men det forklarer framleis ikkje det merkelege med albumet. Trass i sine Chuck Berry/Eddie Cochran-røter, speler plata som sonisk terrorisme -- ei bisarr blanding av boogieriff og gammaldags rock & roll, med spor av britisk psykedelia og varieté, alt filtrert gjennom rein kvit støy. Wizzard Brew er lett det mest støyande plata i si tid – komprimert, omarbeidd og nesten heilt flata ut. Det er mogleg at alt dette er eit resultat av eit studiouhell, men det kjennest ikkje slik. Støyen kjennest som ei kunstnarisk avgjerd, ein måte å pressa Wizzard si blanding av retrorock og kunst inn på ukjent territorium. Det er det motsette av ELO -- bevisst primitiv kunstrock. Berre to songar går inn på under fem minutt; resten slo lyttaren til underkasting med sine slåande riff, uhemma boogie og støy. Det etterlèt deg fortumla og meiningslaus, men ikkje nødvendigvis fornøgd.»[1]
Wood brukte mykje ringmodulasjon for å gje instrumenta ein skarp, forvrengd lyd. Kritikarane og fansen var middels nøgde.
Innhald
endreAlle songane er skrivne av Roy Wood, utanom der andre er nemnde.[1]
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «You Can Dance Your Rock 'n' Roll» | 4:36 |
2. | «Meet Me at the Jailhouse» | 13:30 |
3. | «Jolly Cup of Tea» | 2:08 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
4. | «Buffalo Station/Get On Down to Memphis» | 7:30 |
5. | «Gotta Crush (About You)» | 3:37 |
6. | «Wear a Fast Gun» | 9:10 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Ball Park Incident» (A-side) | 3:42 | |
8. | «The Carlsberg Special (Pianos Demolished Phone 021 373 4472)» (B-side) | Bill Hunt | 4:16 |
9. | «See My Baby Jive» (A-side) | 5:01 | |
10. | «Bend Over Beethoven» | Hugh McDowell | 4:42 |
11. | «Angel Fingers» (A-side) | 4:39 | |
12. | «You Got the Jump on Me» | Rick Price | 6:28 |
13. | «Rob Roy's Nightmare (A Bit More H.A.)» | Mike Burney | 3:47 |
14. | «I Wish It Could Be Christmas Everyday ('A')» (A-side) | 4:48 |
Medverkande
endre- Roy Wood – vokal, elektrisk og akustisk gitar, sitar, cello, fagott, barytonsaksofon, kontrabass, B-basstuba, trombone, blokkfløyte, perkusjon
- Rick Price – bassgitar, vokal, perkusjon
- Bill Hunt – piano, cembalo, valthorn, trompet, flygelhorn, tenorhorn, signalhorn, eufonium, ess-tuba, lite glas, korvokal
- Hugh 'H' McDowell – cello og ARP synthesizer
- Nick Pentelow – tenorsaksofon, klarinett, fløyte, basskorvokal
- Mike Burney – alt-, tenor-, baryton- og syntetisk saksofon, klarinett, fløyte
- Keith Smart – trommer
- Charlie Grima – trommer, conga, perkusjon
- The Cowbag Choir[5]
Salslister
endreListe (1973) | Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report)[6] | 50 |
Storbritannia (Official Charts Company) | 29 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Wizzard Brew» frå Wikipedia på engelsk, den 18. april 2022.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Stephen Thomas Erlewine. «Wizzard Brew - Wizzard, Wizzo Band : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 18. april 2022.
- ↑ Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 608. ISBN 1-904994-10-5.
- ↑ «Mojo - 100 greatest singles of all time». Muzieklijstjes.nl. Henta 18. april 2022.
- ↑ Wizzard-Brew/image – via Discogs.
- ↑ «Wizzard Brew - Wizzard, Wizzo Band : Credits». AllMusic. Henta 18. april 2022.
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 342. ISBN 0-646-11917-6.