Selbu kyrkje

kyrkje i Selbu kommune

Selbu kyrkje er ei langkyrkje i Selbu kommune i Trøndelag fylke. Ho har 550 sitjeplassar.

Selbu kyrkje
kyrkje
Foto: Morten Dreier
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nidaros
Prosti Stjørdal
Sokn Selbu
Fellesråd Selbu
Type Langkyrkje
Teknikk Mur
Material Stein
Innvigd 1150
 - Endringar 1806, 1888, 1935–63
Tårn I sørvest
Kor Rett avslutta
Klokker 2 (1588 og 1945)
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol (1663)
Døypefont (1950)
Altartavle Johan Bilthugger/Johan Contrafeyer (1656), måla av Annar Eggen 1936
Orgel Bruno Christensen (1983)
Sitjeplassar 550
Kart
Selbu kyrkje
63°12′59″N 11°02′31″E / 63.2164°N 11.0419°E / 63.2164; 11.0419
Wikimedia Commons: Selbu kirke
Altartavla
Foto: Morten Dreier

Den eldste delen av kyrkja er frå 1100-talet og har romansk stil. Tårnet frå 1200-talet var opphavleg frittståande. Det har spissboge som etterliknar gotisk stil, men som ikkje har gotisk berefunksjon. På 1800-talet vart kyrkja omfattande utbygd i to omgangar. Det som truleg var den originale inngangsportalen frå 1100-talet, er framleis synlig frå kapellet i tårnfoten. Ei original vindaugsopning er bevart over dagens våpenhus. Restaurert altertavle og preikestol er i 1700-tals bondebarokk. Interiøret elles er ei attendeskodande nyskaping frå restaureringsperioden 1935–1963, leidd av arkitekt John Tverdahl. Selbu kyrkje er kjend for å ha usedvanleg gode forhold for akustisk musikk. Trondheimsolistene er mellom dei som har gjort mange opptak her. Ein parkliknande kyrkjegard omgjev bygningen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre