Selsnepe
Selsnepe (Cicuta virosa) er ein giftig plante i skjermplantefamilien.
Selsnepe | |
Selsnepe | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Skjermplanteordenen Apiales |
Familie: | Skjermplantefamilien Apiaceae |
Slekt: | Cicuta |
Art: | Selsnepe C. virosa |
Vitskapleg namn | |
Cicuta virosa |
Planten er fleirårig og blir 50–150 cm høg. Han blomstrar i juli-august med lyse rosa blomar som sit saman i paraplyform.
Ein finn blomen i våtområde som våte enger og myrer. Selsnepe veks naturleg i nordlege og sentrale Europa, nord i Asia og nordvest i Nord-Amerika.
Giftstoff
endreSår på stilken og røtene gjer at planten gjev frå seg ei gul, oljeaktig væske med lukt som kan minna om mys, gulrøter eller pastinakk. Ettersom planten har kvite rotknollar som kan minna om pastinakkgrønsaken kan han forvekslast med denne.
Den gule væska og planterøtene inneheld cicutoxin som kan stogga sentralnervesystemet i både menneske og dyr.
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Selsnepe