Semb Hovedgård
59°23′58″N 10°27′00″E / 59.39944°N 10.45000°E
Semb Hovedgård | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Semb Hovedgård 59°23′58″N 10°27′00″E / 59.39944444°N 10.45°E | |||
Wikimedia Commons: Semb hovedgård |
Semb Hovedgård er ein norsk herregard som ligg ved Borrevannet i Horten kommune i Vestfold.
Garden ligg ved riksveg 19, rundt 3 km sørvest for Horten sentrum. Hovudbygningen blei bygd i 1910 med Herman Backer som arkitekt.[1]
Garden blei utvida då industrigründeren Sam Eyde kjøpte han saman med fleire naboeigedomar i 1916.
I 1990 blei Borre Golfbane etablert på eigedomen. I tillegg blei garden pussa opp og det blei bygd stutteri og nytt tennisanlegg.
I 2011 la eigaren Einar Nagell-Erichsen eigedommen på 1760 mål ut for sal til ei prisantyding på 170 millionar kroner.[2] Han fekk gjort om garden til aksjeselskap,[3] og la han ut for sal på nytt i juni 2020 med ei prisantyding på 95 millionar kroner.[4]
Kjelder
endre- ↑ Bratberg, Terje (8. juni 2020). «Semb». Store norske leksikon (på norsk bokmål).
- ↑ Bøe, Henrik (5. juli 2011), ««Norges deiligste eiendom» til salgs», NRK (på norsk bokmål), henta 12. juli 2020
- ↑ Redaksjonen (4. juni 2020), «Semb Hovedgård blir aksjeselskap», kapital.no (på norsk), henta 12. juli 2020
- ↑ Trine Solberg (22.06.2020), Nagell-Erichsen selger Semb Hovedgård
- Denne artikkelen bygger på «Semb Hovedgård» frå Wikipedia på bokmål, den 12. juli 2020.
Bakgrunnsstoff
endre- Semb Hovedgård Arkivert 2011-07-24 ved Wayback Machine.. Historie av Liv Eyde Bø.