Senhit
Senhit Zadik Zadik (fødd 1. oktober 1979), også kjend som berre Senhit (tidlegare skrive som Senit), er ein italiensk songar. Ho representerte San Marino i Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland. Ho hamna på 16.-plass av 19 bidrag i den fyrste semifinalen og kvalifiserte seg ikkje til finalen. Senhit skulle ha representert San Marino på nytt i 2020 i Rotterdam i Nederland med songen «Freaky!». 18. mars 2020 avlyste EBU tevlinga på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1] Ho skal i staden representere San Marino i Eurovision Song Contest 2021.[2]
Senhit | |||
| |||
Fødd | 1. oktober 1979 (45 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bologna | ||
Opphav | Eritrea, Italia | ||
Aktiv | 2005– | ||
Sjanger | pop | ||
Instrument | vokal | ||
Plateselskap | Sony Music Entertainment | ||
Verka som | songar |
Bakgrunn
endreSenhit er fødd og oppvaksen i Bologna i Italia av eritreiske foreldre. I slutten av tenåra drog ho utanlands til Sveits og Tyskland og spelte i musikalar som Fame, The Lion King og Hair.[3]
I 2002 drog ho attende til Italia for å starte artistkarrieren sin. Ho slapp debutalbumet sitt, Senit, i 2006 og følgde opp med eit nytt album, Un tesoro é necessariamente nascosto, året etter. Blant singlane på albumet var «La mia cittá é cambiata», «La cosa giusta» og «La faccia che ho». I 2009 slapp Senhit sitt tredje album, det engelskspråklege albumet So High. Same år debuterte ho som tv-programleiar for Urban Charts på HIPHOPTV.[4]
I 2011 representerte ho San Marino i Eurovision Song Contest, som vart arrangert i Düsseldorf.[3] Ho deltok i den fyrste semifinalen tysdag 10. mai med songen «Stand By». Den gjekk ikkje vidare til finalen, etter å ha hamna på 16.-plass i semifinalen.
Same år slapp ho ein ny singel, «Through the Rain», og i april 2012 følgde ho opp med singelen «AOK». I 2014 var ho fast gjest i sundagsprogrammet Domenica Live på den italienske tv-en-kanalen Canale 5. Ho har òg opptredd på klubbar og småscener rundt i om Europa og USA.[5]
I mars 2020 kunngjorde den sanmarinske kringkastaren San Marino RTV at Senhit skulle representere landet på nytt i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland.[6] Ho skulle ha delteke med songen «Freaky!». På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse tevlinga for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[7] Ho skal i staden representere San Marino i Eurovision Song Contest 2021.[2]
Referansar
endre- ↑ Granger, Anthony (6. mars 2020). «San Marino: Senhit To The Eurovision Song Contest 2020». Eurovoix (på engelsk). Henta 6. mars 2020.
- ↑ 2,0 2,1 «Eurovision 2021: Senhit will represent San Marino». wiwibloggs (på engelsk). 16. mai 2020. Henta 24. mai 2020.
- ↑ 3,0 3,1 «Senit to represent San Marino». Eurovision.tv. 3. februar 2011. Henta 3. februar 2011.
- ↑ «Senhit drops new single "Un Bel Niente"». ESCXTRA.com (på engelsk). 14. september 2019. Henta 7. mars 2020.
- ↑ Rtv, San Marino (6. mars 2020). «Senhit in gara all'Eurovision Song Contest 2020 in rappresentanza di San Marino!». San Marino Rtv (på italiensk). Henta 7. mars 2020.
- ↑ «Senhit to represent San Marino again!». eurovision.tv. 6. mars 2020. Henta 7. mars 2020.
- ↑ Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst». NRK (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Senhit» frå Wikipedia på bokmål, den 10. januar 2021.