Separate Ways av Elvis Presley

Separate Ways
Samleplate av Elvis Presley
Språk engelsk
Utgjeve Januar 1973
Sjanger Rhythm and blues, pop, country, rock
Selskap RCA Camden
Elvis Presley-kronologi 
Burning Love and Hits from His Movies, Volume 2
(1972)
Separate Ways Aloha from Hawaii Via Satellite
(1973)


Separate Ways er eit samlealbum av Elvis Presley frå 1973. Det vart utgjeve på RCA Camden nøyaktig ein månad etter eit anna samlealbum, Burning Love and Hits from His Movies, Volume 2. Separate Ways var det andre og siste forsøket til RCA på å setje saman eldre Elvis-innspelinga med ein ny hitsingel, i dette tilfellet «Separate Ways» og B-sida «Always On My Mind». Resten av albumet - som ikkje vart marknadsført som eit samlealbum på omslaget - bestod av ei blanding songar som ikkje tidlegare var utgjevne frå filmane til Presley i 1960-åra, i tillegg til ein song, «Old Shep», datert attende til 1956. Albumet kom ut på ny på Pickwick/Camden med det originale katalognummeret CAS-2611. Den einaste skilnaden er at PickWick står nederst på omslaget, medan det på originalen står RCA. Innhaldet er nøyaktig det same.

Separate Ways nådde 46. plassen på Billboard-lista og 12. plassen på countryalbumlista, og har med tida seld over tre millionar eksemplar verda over.[1] I USA selde det til gullplate 27. mars 1992 og platina 6. januar 2004 hos RIAA.[2]

Tittelsporet endre

Presley spelte inn «Separate Ways», skriven av Red West og Richard Mainegra, den 27. mars 1972, og countrysong «Always On My Mind» den 29. mars. Dei kom ut i lag på singel 31. oktober 1972, og selde til gullplate i USA for over ein halv million selde eksemplar. Han vart oppført som ei dobbel A-side og nådde 16. plasen på magasinet Billboard's Hot Country Singles-lista i november 1972.[3] I Storbritannia var «Always On My Mind» hitlåten og «Separate Ways» var B-sida.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic      link

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)InnspeltLengd
1.«Separate Ways»Richard Mainegra / Red West27. mars 19722:38
2.«Sentimental Me»Jimmy Cassin / Jim Morehead12. mars 19612:34
3.«In My Way» (frå Wild in the Country)Ben Weisman / Fred Wise7. november 19601:24
4.«I Met Her Today»Hal Blair / Don Robertson15. oktober 19612:45
5.«What Now, What Next, Where To;»Hal Blair / Don Robertson26. mai 19631:59
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)InnspeltLengd
1.«Always on My Mind»Johnny Christopher / Mark James / Wayne Carson29. mars 19723:41
2.«I Slipped, I Stumbled, I Fell» (frå Wild in the Country)Ben Weisman / Fred WiseNovember 8, 19601:38
3.«It Is So Strange»Faron Young19. januar 19572:31
4.«Forget Me Never» (frå Wild in the Country)Ben Weisman / Fred Wise7. november 19601:38
5.«Old Shep»Red Foley2. september 19564:10

Kjelder endre

  1. «Separate Ways (Awards)». Allmusic. Rovi, Inc. 2015. Henta 21. juni 2017. 
  2. «Searchable Database». RIAA. 2015. Henta 21. juni 2017.  Merk: Søk på «Separate Ways»
  3. «Top 20 Country Billboard Singles». The Official Elvis Presley Website. Henta 21. juni 2017.