Burning Love and Hits from His Movies, Volume 2

Burning Love and Hits From His Movies, Volume 2
Samlealbum av Elvis Presley
Utgjeve 1. november 1972
Sjanger Rock
Lengd 23:21
Selskap RCA Camden
Elvis Presley-kronologi
As Recorded at Madison Square Garden
(1972)
Burning Love and Hits From His Movies, Volume 2 Separate Ways
(1972)


Burning Love and Hits From His Movies, Volume 2 er eit samlealbum av Elvis Presley. Albumet kom ut 1. november 1972 på billigetiketten til RCA, RCA Camden.[1] Albumet består hovudsakleg av filmmusikkinnspelingar frå forskjellige Elvis-filmar i 1960-åra, i tillegg til begge sidene av hitsingelen «Burning Love» frå 1972. Dette vart rekna som uvanleg sidan RCA vanlegvis reserverte hitsinglane hans til hovudselskapet RCA Victor, og ikkje billigvarianten Camden. RCA gjorde det same ein månad seinare med samlealbumet Separate Ways, som inneheld ein hitsingel i lag med nokså ukjende filmmusikkinnspelingar.[2] Då albumet kom ut nådde det 22. plassen på Billboard-lista. Det selde til gull den 27. mars 1992, platina den 15. juli 1999 og 2x platina den 6. januar 2004 hos RIAA.[3]

InnhaldEndra

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)InnspeltLengd
1.«Burning Love»Dennis Linde28. mars 19722:50
2.«Tender Feeling» (frå Kissin' Cousins)Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye29. september 19632:32
3.«Am I Ready» (frå Spinout)Roy Bennett, Sid Tepper16. februar 19662:24
4.«Tonight Is So Right for Love» (frå G.I. Blues)Joseph Lilley, Abner Silver, Sid Wayne27. april 19602:11
5.«Guadalajara» (frå Fun in Acapulco)Pepe Guízar, Joseph Lilley23. januar 19632:42
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)InnspeltLengd
1.«It's a Matter of Time»Clive Westlake29. mars 19723:04
2.«No More» (frå Blue Hawaii)Hal Blair, Don Robertson21. mars 19612:21
3.«Santa Lucia» (frå Viva Las Vegas)Tradisjonell: arrangert av Elvis Presley10. juli 19631:11
4.«We'll Be Together» (frå Girls! Girls! Girls!)Phillip Brooks, O'CurranMarch-May 19622:14
5.«I Love Only One Girl» (frå Double Trouble)Roy Bennett, Sid Tepper29. juni 19661:51

MedverkandeEndra

  • Elvis Presley — Gitar, vokal
  • The Jordanaires — vokal (kor)
  • J.D. Sumner & the Stamps — vokal (kor)

KjelderEndra

  1. «Burning Love and Hits from His Movies». Elvis - The Music. Sony Music Entertainment. 2015. Henta 21. juni 2017. 
  2. «Separate Ways». Elvis - The Music. Sony Music Entertainment. 2015. Henta 21. juni 2017. 
  3. «Searchable Database». RIAA. 2015. Henta 21. juni 2017.  Merk: Søk på «Burning Love and Hits from His Movies, Volume 2»