Serafim av Sarov

russisk munk

Serafim av Sarov (fødd Prokhor Isidorovitsj Mosjnin 19. juli 17542. januar 1833) var ein russisk munk og mystikar. Sankt Serafim budde i klosteret i Sarov, men verka som åndeleg far for det då vesle nonneklosteret i Divejevo, nokre kilometer frå Sarov. St. Serafim er ein av dei mest elska av dei russiske helgenane, og blei kanonisert den 19. juli jul./ 1.  1903 greg. etter personleg påtrykk frå tsar Nikolaj II. Relikviane hans blei tekne vare på i ein gullsarkofag i Sarovklosteret, men under revolusjonen blei dei gøymde av nonnene frå Divejevo, som sydde dei inn i lerret. Bolsjevikane var særs oppsett på å finna relikviane, då det blei sagt at St. Serafim hadde sett kommunistane si maktovertaking og fall.

Serafim av Sarov

NamnПрохор Мошнин, Prokhor Mosjnin
Fødd19. juli 1754
FødestadKursk
Daud2. januar 1833
DødsstadSarov
Yrkemunk, ortodoks prest, Eastern Orthodox monk
Helgendag1. august, January 2, 15. januar

I kaoset under revolusjonen og den påfølgjande borgarkrigen forsvann relikviane ut av historia. I 1991, på slutten av Gorbatsjov sin reformperiode, blei relikviane funne igjen i kjellaren i eit ateistisk museum i Leningrad, framleis innsydd i lerret, og merka med påskrifta "gamle måleri". Sommaren 1991 blei relikviane tekne til Moskva under stor kyrkjeleg festivitas, med m.a patriark Aleksij II til stades. Klosteret i Sarov var enno ikkje gjenopna, men det blei avgjort at relikviane skulle takast vare på i nonneklosteret i Divejevo. Det er i dag eit av dei store ortodokse pilegrimsmåla i Russland.

Kjelder endre