Novodevitsjijgravstaden
Novodevitsjijgravstaden (russisk: Новоде́вичье кла́дбище, Novodevitsje kladbisjtsje) er ein gravstad i Moskva i Russland. Gravstaden ligg ved sidan av verdsarvstaden nonneklosteret Novodevitsjij frå 1500-talet. Han er den tredje mest besøkte turistattraksjonen i byen.
Kyrkjegarden vart innvigd i 1898, då det var mangel på gravplassar i klosteret. Ein av dei første kjende som vart gravlagd på Novodevitsjij-kyrkjegarden var Anton Tsjekhov.
I dag har kyrkjegarden graver til russiske forfattarar, musikarar og poetar, så vel som kjende skodespelarar, politikarar og vitskapsmenn. Meir enn 27 000 er gravlagde i Novodevitsjijgravstaden.
Gravlunden minner om ein park, med små kapell og store skulpturerte monument. Han er delt inn i ein austleg og vestleg seksjon.
Kart over gravstaden er tilgjengeleg i kontoret på kyrkjegarden.
BilethoggararEndra
Verk av desse bilethoggarane, mellom andre, finst på Novodevitsjijgravstaden: Sergej Konenkov, Vera Mukhina, Ernst Neizvestnij, Ivan Sjadr og Jevgenij Vutsjetitsj.
Berømte gravlagdeEndra
- Nadjesjda Allilujeva, (1901–1932), kona til Josef Stalin.
- Pavel Beljajev, (1925–1970), kosmonaut
- Sergej Bondartsjuk, (1920–1994), regissør og skodespelar
- Aleksej Brusilov, (1854–1926), general
- Mikhail Bulgakov, (1881–1940), forfattar
- Nikolaj Bulganin, (1895–1975), statsmann
- Anton Tsjekhov, (1860–1904), forfattar
- Fjodor Sjaljapin, (1873–1938), operasongar
- Ilja Ehrenburg, (1891–1967), forfattar
- Sergej Eisenstein, (1898–1948), regissør
- Nikolaj Gogol, (1809–1852), forfattar
- Sergej Iljusjin, (1894–1977), flydesignar
- Boris Jeltsin, (1931–2007), statsleiar
- Nikita Khrusjtsjov, (1894–1971), statsmann
- Pjotr Kropotkin, (1842–1921), anarkist
- Lev Landau, (1908–1968), Nobelpristakar i fysikk
- Isaak Levitan, (1860–1900), målar
- Vjatsjeslav Molotov, (1890–1986), politikar
- Sergej Obraztsov, (1901-1992), dokketeatermann
- David Oistrakh, (1908–1974), fiolinist
- Sergej Prokofjev, (1891–1953), komponist
- Lidija Ruslanova, (1900-1973), folkesongarinne
- Valentin Serov, (1865–1911), målar
- Dmitrij Sjostakovitsj, (1906–1975), komponist
- Vasilij Sjuksjin, (1929–1974), forfattar og skodespelar
- Konstantin Stanislavskij, (1863–1938), regissør og teoretikar i det moderne teateret
- Andrej Tupolev, (1888–1972), flykonstruktør
BakgrunnsstoffEndra
- Kjende og pittoreske minnesmerke (24), fotografert i juni 2005
- Novodevichy Cemetery (på russisk) – artikkel frå sovjetisk encyclopedi]