Sesongarbeid
Sesongarbeid er ein type arbeid som blir utført i ein avgrensa sesong i året. Nokre næringar som i stor grad er avhengige av sesongarbeid er jordbruk, bærplukking, fiske og fiskeindustri og turisme. Denne typen arbeid kan føra til omfattande migrasjon til stader der ein har stort sesongmessig behov for arbeidskraft, og gjer folkesetnaden påtakeleg større under sesongen. Og arbeid knytt til høgtider, som julenisse, kan reknast som sesongarbeid.[1]
Kjelder
endre- ↑ «sesongarbeid». Store norske leksikon (på norsk). 31. desember 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Säsongsarbete» frå Wikipedia på svensk, den 21. januar 2024.