Setesdølen
Setesdølen er ei partipolitisk uavhengig lokalavis, skipa i 1975 i Bygland i Agder. Avisa er talerøyr for distriktsinteresser, med vekt på sameksistens mellom by og land. Bygdeturisme, bygdeutvikling og busetnad i distrikta er viktige saker for avisa, i tillegg til å følgje opp det lokale næringslivet. Papiravisa kjem ut tysdag og torsdag og blir skriven på nynorsk. Setesdølen har også eiga nettavis, www.setesdolen.no. Redaktør er Sigurd Haugsgjerd,[1] som også eig avisa.
Setesdølen | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Type | Lokalavis | ||
Org.nummer | 927832488 | ||
Grunnlagd | 1975 | ||
Nettstad | https://setesdolen.no (bokmål) |
Historikk
endreFørste prøvenummer av Setesdølen kom ut i juli 1974 i privat regi. Den 16. oktober 1974 vedtok fellesformannskapet i Setesdal at avisa skulle gjevast ut med kommunal støtte og at 1975 skulle vera et prøveår for avisa. Politikarane i Setesdal vedtok samstundes at avisa skulle ha tilhald på Bygland. 25. januar 1975 kom første ordinære utgåve av Setesdølen ut.[2] Den første redaktøren var Helge Arild Bolstad. I 1976 blei Sigurd Haugsgjerd ny redaktør, og han har hatt stillinga sidan.
I 1977 hadde Setesdølen 2 150 abonnentar. Talet har sidan auka. I 2018 hadde papiravisa eit opplag på 4 078 og kom ut to gonger i veka.
Opplagstal
endreBekreftea netto opplagstal frå Mediebedriftenes Landsforening:[3]
- 2006: 4 618
- 2007: 4 618
- 2008: 4 742
- 2009: 4 824
- 2010: 4 676
- 2011: 4 635
- 2012: 4 636
- 2013: 4 553
- 2014: 4 408
- 2015: 4 192
- 2016: 4 393
- 2017: 4 145
Kjelder
endre- ↑ «Tilsette - Setesdølen», Setesdølen, henta 13. februar 2024
- ↑ Da setesdølene fikk sin egen avis, Avtrykk.no, 16.10.2019
- ↑ Aviskatalogen, tall fra nettsidene til Mediebedriftenes Landsforening, arkivert frå originalen 25. februar 2012, henta 15. juni 2020
- Denne artikkelen bygger på «Setesdølen» frå Wikipedia på bokmål, den 15. juni 2020.