Seven Years in Tibet av David Bowie

Seven Years in Tibet
Singel av David Bowie
frå albumet Earthling
Utgjeve 18. august 1997
Studio Looking Glass, New York City
Sjanger Rock
Lengd 4:01
Selskap BMG/Arista
Produsent David Bowie, Reeves Gabrels, Mark Plati
David Bowie-kronologi
«Dead Man Walking»
(1997)
Seven Years in Tibet «Pallas Athena»
(1997)


«Seven Years in Tibet» er ein song og singel av David Bowie og Reeves Gabrels frå 1997 på albumet Earthling. I somme land vart det gjeve ut ein versjon sungen av Bowie på mandarin-kinesisk.

Song utviklingEndra

«Seven Years in Tibet» vart spelt inn mellom august og november 1996 under innspelinga for Earthling-innspelinga.[1] Han byrja som ein Reeves Gabrels-instrumental kalla «Brussels», som Bowie ikkje likte særskild mykje, men etter kvart overtydde Gabrels Bowie om å halde på han.[1] Arbeidstittelen til songen var «Biscuit Lady» og opningslinjene var frå ein falsk Internett-artikkel om ei kvinne som vart skadd av ein kjeksboks som eksploderte og trudde at bitar av kjeksdeigen som landa på hovudet hennar var hjernen hennar som rann ut av hovudet.[1] til slutt vart songen om ein «ung tibetansk munk som nettopp var blitt skoten» etter at Bowie leste somme av foredraga til Dalai Lama.[1] Bowie valte namnet på songen etter å ha lese boka Seven Years in Tibet (1952), og sjølv om ein film med same namn som òg var baser tpå boka kom ut i 1997, hadde denne ingen samband med songen til Bowie.[2] Bowie spelte inn ein versjon av songen sungen på mandarin-kinesisk, med tekst omsett av Lin Xi og gjeve ut under namnet «A Fleeting Moment» i somme område.[2]

KonsertopptakEndra

Bowie framførte songen på konserten i høve 50-årsdagen hans i januar 1997 i lag med Dave GrohlFoo Fighters.[2] Bowie spelte òg songen på GQ Awards i New York City den 15. oktober 1997, ei utgåve som sidan kom ut på konsertalbumet LiveAndWell.com i 2000.[2]

Andre utgjevingarEndra

«Mandarin-versjonen» kom ut på bonusplata til Digibook Expanded Edition av Earthling i 2004. I Hong Kong kom han òg ut på ei eiga bonusplate som følgde Earthling i 1997.

SalslisterEndra

«Seven Years in Tibet» nådde 61. plassen i Storbritannia,[3] og var den siste songen som gjekk til topps i Hong Kong før Kina tok over byen i juni 1997.[2]

InnhaldEndra

All tekst skriven av David Bowie, utanom «Seven Years in Tibet (Mandarin versjon)» av Lin Xi.
All musikk av David Bowie og Reeves Gabrels, utanom «Pallas Athena (live)» av David Bowie.

7" single: RCA / 74321 51254 7 (Storbritannia)Endra

  1. «Seven Years in Tibet (edit)» – 4:01
  2. «Seven Years in Tibet (Mandarin version)» – 3:58

RCA / 74321 51255 2 (Storbritannia)Endra

  1. «Seven Years in Tibet (edit)» – 4:01
  2. «Seven Years in Tibet (Mandarin version)» – 3:58
  3. «Pallas Athena (live)» – 8:18
  • Òg tilgjengeleg som avgrensa digipak (RCA / 74321 51254 2)

MedverkandeEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 O'Leary 2019, s. 422–424.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Pegg 2016, s. 239–239.
  3. «OFFICIAL SINGLES CHART RESULTS MATCHING: SEVEN YEARS IN TIBET». Henta 23. desember 2020.