Severin Eskeland (1977-)

norsk skodespelar

Severin Eskeland (fødd 22. juni 1977) er ein norsk regissør og skodespelar. Eskeland er fødd og oppvaksen på Stord, der han laga fleire amatørfilmar i ungdommen. Han starta på regissørutdanninga si i 2001, og var ferdig i 2005. Han er idag deleigar i produksjonsselskapet Eske & Horn som han driv saman med Reinert Horneland.

Severin Eskeland (1977-)
Fødd 22. juni 1977, 22. juli 1977 (43 år)
Stord
Yrke skodespelar, manusforfattar

Eskeland har regissert kortfilmane Hytta, The chamber, Bak manuset, Trond Anders skal dævve, Tradisjon og mange fleire. Han har delteke på åtte filmfestivalar, og i 2006 deltok han på verdas største skrekkfilmfestival SCREAMFEST i Los Angeles. I 2009 laga han sin fyrste spelefilm, Snarveien, som hadde premiere på kinoar i Noreg 31. juli. Filmen har også delteke på festivalar rundt om i verda, mellom anna i Stockholm, Frankrike og Los Angeles på det kjende Mann's Chinese Theatre, og den er også gitt ut på DVD i mange land.

Han har og medverka som skodespelar i filmane United (2003), Eddie Stargazer og Svein og Rotta. Alle regissert av Magnus Martens.

I heile 2007 jobba Eskeland for NRK Hordaland, før han i januar 2008 byrja jobba som video-journalist for Sportsklubben Brann. Han er i dag (2013) lærar på Stord vidaregåande skule, der han underviser i media og kommunikasjon.[1]

I 2013 laga også Severin dokumentarfilm for Kværner då dei laga den nye krana si, Storen på Stord.

Sommaren 2015 spela Severin inn sin andre spelefilm på Stord. Lyst er ein skrekkthriller som hadde noregspremiere på kino 21.april 2017. Filmen fekk den høgaste aldersgrensa for film på kino i Noreg, 18 år. Filmen vart skriven, regissert, klippa og produsert av Eskeland, og produsert av Eskeland sitt eige produksjonsselskap som han driv saman med produsent og skodespelar Reinert Horneland.

22. oktober 2016 blei det vist ein lengre teaser av Lyst på dei norske skrekkfilm-festivalene Ramaskrik og Tysvær Skrekkfest, der det blei sett 18-årsgrense.

Filmen hadde verdspremiere i Trondheim 8. april 2017 på filmfestivalen Kosmorama. I anledning Kosmorama delte Severin også ut Kanonprisen for beste filmmusikk til Gaute Storaas for Birkebeinerne, og beste lyd-design til Håkon Lammetun for Pyromanen.

Lyst blei gitt ut som streaming, blu-ray og dvd 2. oktober 2017. Senere har den kommet ut bl.a. i Tyskland på blu-ray.

Eskeland blei nominert i kategorien «beste musikkvideo» på The international seagull filmfestival i Haugesund for videoen Mørke skogar han laga for artist Nils Horn. Denne videoen blei og produsert av produksjonsselskapet Eske & Horn filmproduksjon.

Kortfilmene "Knask OG Knep" og "Heimkomsten" laga av Eskeland blei vist på Ramaskrik og Tysvær skrekkfest i oktober 2017 og 2018. Desse filmane har og deltatt på fleire utenlandske filmfestivaler.

Eskeland filma ferdig sin siste kortfilm "Allodium" i Kvinnherad juli 2019. Her hadde Helge Jordal og Brit Johanne Landa hovedrollene, og filmen hadde premiere på Ramaskrik 2019. Festivalen er nå blitt nominert til en av verdens 30 beste skrekkfilm festivaler, og hadde dette året bl.a. Brian Yuzna som gjest. Kinomagasinet skrev om filmen i deres festival-rapport.

"Allodium" har gått videre på festival-løpet og har vunnet pris for beste plot-tvist på "Independent horror movie awards", og hadde USA-premiere på Los Angeles shortfilm festival i mars 2020. Den skal og settes opp på Night visions i Finland som er Skandinavias største sjanger-festival.

Eske & Horn filmproduksjon som Eskeland er kreativ leder i selskapet i laget i 2018-19 eit dokumentarprosjekt for Kværner. "100 intervju".

KjelderEndra

  1. Administrasjon og tilsette, Stord vidaregåande skule (stv.hfk.no)

BakgrunnsstoffEndra