Shaked (hebraisk skrift שָׁקֵד, tyder Mandel) er ein sekulær, kollektiv landsby og ei israelsk busetjing nord på den okkuperte Vestbreidda. Han er underlagt Shomron regionale kommune. I 2006 hadde han 536 innbyggjarar.

Shaked
landsby
Velkomstskilt ved landsbyen
Distrikt Judea- og Samaria-området
Kommune Shomron
Koordinatar 32°28′23.51″N 35°10′8.39″E / 32.4731972°N 35.1689972°E / 32.4731972; 35.1689972
Folketal 1 081 (2021)[1]
Grunnlagd 1981
 - Grunnlagd av Mishkei Herut Beitar
Kart
Shaked
32°28′24″N 35°10′08″E / 32.473197222222°N 35.168997222222°E / 32.473197222222; 35.168997222222
Wikimedia Commons: Shaked

Shaked er kalla opp etter dei ville mandeltrea som veks i området. Han vart grunnlagd i juni 1981 av organisasjonen Mishkei Herut Beitar, etter at dei første ti husa stod ferdige.[2]

Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[3]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.cbs.gov.il/he/publications/doclib/2019/ishuvim/bycode2021.xlsx.
  2. Hoberman, Haggai (2008). Keneged Kol HaSikuim [Against All Odds] (på hebraisk) (1st utg.). Sifriat Netzaim. 
  3. «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010. 

Bakgrunnsstoff endre