Opna hovudmenyen
Shangri-La
Singel av The Kinks
frå albumet Arthur (Or the Decline and Fall of the British Empire)
B-side «This Man He Weeps Tonight»
Utgjeve 12. september 1969 (Storbritannia)
Innspelt Mai–juni 1969 i Pye Studios (nr. 2), London
Sjanger Rock
Lengd 5:21
Selskap Pye 7N 17812 (Storbritannia)
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Ray Davies
The Kinks-kronologi
«Drivin'»
(1969)
Shangri-La «Victoria»
(1969)


«Shangri-La» er ein song av The Kinks skriven av Ray Davies. Songen vart gjeven ut på konseptalbumet deira Arthur (Or the Decline and Fall of the British Empire) i 1969.

Songen skildrar ein mann kalla Arthur, hovudkarakteren på albumet. Arthur bur i eit hus kalla Shangri-La. I starten av songen er Shangri-La eit sant paradis, men utover i songen vert det klart at huset til Arthur er like mykje eit fengsel som eit paradis.

Songen er musikalsk omfattande. Han starta roleg med Davies på roleg vokal og akustisk gitar. Etter eitt vers byggjer spaninga seg opp med blåsarar. Så vert fingerplukkinga på gitaren raskare og trommene og ein cembalo kjem inn, med Dave Davies på korvokal. Så kjem klimakset med refrenget og ein Phil Spector-liknande produksjon. Etter eit nytt vers og refreng kjem eit langt raskare og tyngre mellomspel. Dave Davies har fortalt at dette er favorittsongen av dei broren Ray skreiv.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra