Opna hovudmenyen

Arthur (Or the Decline and Fall of the British Empire)

Arthur (Or the Decline and Fall of the British Empire)
Studioalbum av The Kinks
Utgjeve 10. oktober 1969
Innspelt Mai-juli 1969 i Pye Studios i London
Sjanger Rock
Lengd 49:17
Selskap Pye (Storbritannia), Reprise (USA)
Produsent Ray Davies
The Kinks-kronologi
The Kinks Are the Village Green Preservation Society
(1968)
Arthur (Or the Decline and Fall of the British Empire) Lola Versus Powerman and the Moneygoround, Part One
(1970)
Singlar frå Arthur
  1. «Drivin'»
    Utgjeve: 20. juni 1969
  2. «Shangri-La»
    Utgjeve: 12. september 1969
  3. «Victoria»
    Utgjeve: 14. oktober 1969

Arthur (Or the Decline and Fall of the British Empire) er eit konseptalbum av det engelske rockebandet The Kinks frå seint i 1969. Album kom ut etter ein tøff periode for bandet etter at det kritikarroste albumet The Kinks Are the Village Green Preservation Society frå året før og oppfølgjarsingelen «Plastic Man» selde dårleg, i tillegg til at bassisten Pete Quaife som var med å skipe bandet slutta. Låtskrivaren Ray Davies laga albumet som musikken til eit planlagt fjernsynsskodespel og hadde utarbeidd manuset til teateret i lag med Julian Mitchell. Mitchell har seinare forklart at dei hadde alt klart med skodespelarar og lokasjonar, men at produsenten av stykket møtte til produksjonsmøtet utan eit skikkeleg budsjett og stykket vart skrinlagt.

Professional ratings
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[1]
Blender5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[2]
The Rolling Stone Album Guide5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[3]

Historia er basert på svogeren til Davies, Arthur, som flytta frå England til Australia med kona Rose. Rose var den eldre systera til Ray og Dave Davies som var emnet i songen «Rosie Won't You Please Come Home» frå albumet Face to Face. Hovudkarakteren Arthur er ein teppeleggjar og albumet skildrar familien hans i England i etterkrigstida, då moglegheitene var få. Songane skildrar det England som Arthur ein gong kjende, lovnaden om eit betre liv i Austraia for ein av sønene hans, tomheita i det overflatiske, komfortable livet hans, det britiske folket under den andre verdskrigen og dødsfallet til broren i den første verdskrigen. Mange av songane, som «Victoria» og «Brainwashed», er eit musikalsk steg tilbake til rock and roll-røtene som The Kinks stort sett hadde unngått i perioden 1966-1968.

Albumet vart kritikarrost då det kom ut, særleg i den amerikanske musikkpressa. Det vart samanlikna med den populære rockeoperaen Tommy av The Who og Hair: The American Tribal Love-Rock Musical, som kom tidlegare på året. Arthur selde moderat og den dårlege kommersielle trenden dei hadde hatt sidan 1968 såg ut til å vere snudd. Bandet la òg ut på turne att i USA seint i 1969, etter å ha vorte bannlyst frå å halde konsertar der dei siste fem åra.

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Ray Davies, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Victoria»   3:40
2. «Yes Sir, No Sir»   3:46
3. «Some Mother's Son»   3:25
4. «Drivin'»   3:21
5. «Brainwashed»   2:34
6. «Australia»   6:46
Side to
# Tittel Lengd
7. «Shangri-La»   5:20
8. «Mr. Churchill Says»   4:42
9. «She's Bought A Hat Like Princess Marina»   3:07
10. «Young and Innocent Days»   3:21
11. «Nothing To Say»   3:08
12. «Arthur»   5:27
Bonusspor på CD-utgåva frå 1998 og 2004
# Tittel Lengd
13. «Plastic Man» (mono) 3:04
14. «King Kong» (mono) 3:23
15. «Drivin'» (mono) 3:12
16. «Mindless Child of Motherhood» (mono) 3:16
17. «This Man He Weeps Tonight» (mono) 2:42
18. «Plastic Man» (stereo) 3:04
19. «Mindless Child of Motherhood» (stereo; ein øydelagd stereoversjon som kom ut på 1998-utgåva. Dette vart fiksa på seinare utgåver[4]) 3:16
20. «This Man He Weeps Tonight»   2:42
21. «She's Bought a Hat Like Princess Marina» (mono) 3:07
22. «Mr. Shoemaker's Daughter» (Tidlegare ikkje utgjeve spor frå Dave Davies sitt soloalbum) 3:08
Bonusspor på luksusutgåva til Sanctuary Records frå 2011 - Plate 1 (mono)
# Tittel Lengd
13. «Plastic Man»   3:04
14. «This Man He Weeps Tonight»   2:43
15. «Mindless Child of Motherhood»   3:09
16. «Creeping Jean»   3:19
17. «Lincoln County»   3:13
18. «Hold My Hand»   3:21
19. «Victoria» (Studioinnspeling for BBC) 3:36
20. «Mr. Churchill Says» (Studioinnspeling for BBC) 3:38
21. «Arthur» (Studioinnspeling for BBC) 3:16
Bonusspor på luksusutgåva til Sanctuary Records frå 2011 - Plate 2 (stereo)
# Tittel Lengd
13. «Plastic Man»   3:03
14. «This Man He Weeps Tonight»   2:39
15. «Drivin'» (alternativ stereomiks) 3:16
16. «Mindless Child of Motherhood»   3:10
17. «Hold My Hand» (alternativ stereomiks) 3:15
18. «Lincoln County»   3:23
19. «Mr. Shoemaker's Daughter»   3:07
20. «Mr. Reporter»   3:36
21. «Shangri-La» (akkompagnement) 5:28

MedverkandeEndra

The Kinks
Produksjon
  • Lew Warburton – blåse- og styrkearrangement
  • Andrew Hendriksen – lydteknikar
  • Brian Humphries – lydteknikar på «Drivin'»
  • Bob Lawrie – plateomslag
  • Austin Sneller – omtalt som «albumtestar»

SalslisterEndra

AlbumEndra

År Billboard Cash Box Record World
1969 105[5] 53[5] 50[5]

SinglarEndra

År Tittel Plassering
Storbritannia USA Nederland
1969 «Drivin'»
«Shangri-La» 27[5]
«Victoria» 30[6] 62[6]
«—» syner til at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista.

KjelderEndra

  1. Erlewine, Stephen. «Arthur (Or the Decline and Fall of the British Empire)». Allmusic. Henta 9. april 2018. 
  2. Powers, Ann. «Arthur». Blender. Arkivert frå originalen 14. januar 2009. Henta 9. april 2018. 
  3. Rolling Stone Album Guide (1992), s. 401
  4. Dave Emlen. «Arthur Or The Decline And Fall Of The British Empire [1998 Castle release]». Kindakinks.net. Henta 9. april 2018. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Emlen, Dave. «International Chart Positions». Kindakinks.net. Henta 1. desember 2009. 
  6. 6,0 6,1 Rogan 1998, s. 20–23