«Shanti Devi»

(Omdirigert frå Shanti Devi)

«Shanti Devi» (hindi for 'Fredsgudinne') er namnet på skonnerten som forfattaren Axel Jensen budde i og eigde saman med den indiske kona si, Pratibha Jensen, fram til 1990.

«S/Y Shanti Devi» i 1983, ved Mälarvarvet i Stockholm
Foto: Robert E. Haraldsen

Seglskuta vart bygd i 1905Sjötorps Varv ved Vänern i Sverige og vart først døypt til «Zeus». Seinare vart ho registrert av Jensen i Gibraltar under namnet S.Y. «Shanti Devi».

Skipet vart opphavleg bygd til å vere fraktskute og er difor dimensjonert for ferdsel gjennom det svenske kanalsystemet, Göta Kanal og for segling på Nordsjøen og Austersjøen.

I 1985 og 1986 vart «Shanti Devi» nytta til hovudbase for planlegginga og administrasjonen av Oslo Internasjonale Poesifestival under leiing av Axel Jensen sjølv.

Etter at Jensen vart alvorleg sjuk vart skuta selt og segla nokre år under norsk flagg til ho uforklarleg sokk utanfor Arendal i 2012.[1]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre