Opna hovudmenyen

Axel Buchardt Jensen (12. februar 193213. februar 2003) var ein norsk forfattar og statsstipendiat frå 1995. Frå 1957 til 2002 gav han ut ei rekkje romanar og andre bøker.

Axel Jensen
Axel Jensen ved Piano-AJ2.jpg
Fødd 12. februar 1932
Trondheim
Død

13. februar 2003
Kristiansand

Yrke skribent, sjølvbiograf, science fiction-forfattar
Ektefelle Prathiba Jensen, Marianne Ihlen
Born Tale Næss

LivsløpEndra

Jensen blei fødd i Trondheim. Han debuterte på eiget forlag i Oslo i 1955, men brende heile opplaget.

I 1950-åra budde han og ektemaken, Marianne Ihlen, på den greske øya Hydra. Han var venn med den kanadiske forfattaren Leonard Cohen, som etter brotet budde i lag med Marianne på Hydra i fleire år. Det er ei utbreidd oppfatning at Jensen baserte figuren Lorenzo i romanen Joacim etter han, men han skal ha fortalt Cohen at Lorenzo var modellert etter den svenske forfattaren Göran Tunström.

Jensen er omsett til tysk, engelsk, nederlandsk, fransk, italiensk, dansk og finsk. I eit par høve skreiv han manuskript på engelsk, som så blei omsett og utgjeve på norsk.

Han var engasjert i Salman Rushdie-saka og skreiv artiklar og ytringar om den (samla i Den øredøvende stillheten) og essayet Gud leser ikke romaner.

I siste delen av livet var Jensen fysisk sterkt hemma av sjukdom. Han døydde i Ålefjær i Kristiansand kommune.

BøkerEndra

(utgjeve av Cappelen der anna ikkje er nemnt)

RomanarEndra

  • Dyretemmerens kors – (eige forlag 1955, supprimert av forfattaren)
  • Ikaros – ung mann i Sahara – (1957, ny utgåve illustrert av Frans WiderbergJM Stenersens Forlag 1999)
  • Line – (1959, filmatisert 1961)
  • Joacim – (1961)
  • Epp – (1965, ny utgåve 2002)
  • Mor India – (1974)
  • Junior, eller Drømmen om pølsefabrikken som bibliotek – (1978)
  • Senior – (1979)
  • Lul – (1992)
  • Og resten står skrivd i stjernene – (1995)
  • Jumbo – (1998)

AnnaEndra

UtmerkingarEndra

KjelderEndra