Sharon Redd

amerikansk songar

Sharon Redd (19. oktober 19451. mai 1992[2]) var ein USA-amerikansk songar frå New York City. Ho var halvsyster til R&B-songaren Penny Ford.

Sharon Redd
Fødd19. oktober 1945(1945-10-19)
FødestadNorfolk i Virginia i USA
Død1. mai 1992 (46 år)
DødsstadWestchester County
OpphavNew York City i i USA
Aktiv1967–1992
Sjanger
InstrumentVokal
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka som
  • Songar
  • skodespelar

Ho byrja karrieren sin med fire singlar i 1968 for United Artists.[3] Redd vart populær i Australia med ei oppsetjing av rockemusikalen Hair.

I midten av 1970-åra vart Redd ein av korsongarane til Bette Midler.[4]

I 1979 spelte Redd inn discohitten «Love Insurance». Det første studioalbumet hennar kom ut u 1980, kalla Sharon Redd, etterfølgd av to til — Redd Hott (1982) og Love How You Feel (1983). Etter desse vende Redd attende til ein suksessrik karriere som korvokalist, mellom anna i gruppa Soirée, der òg Luther Vandross og Jocelyn Brown var medlemmar.

Midt under det som skulle bli eit comeback tidleg i 1990-åra, døydde Redd av lungebetennelse den 1. mai 1992. Magasinet Dance Music Report rapporterte om at dødsfallet var knytt til AIDS.[5]

Diskografi

endre

Album

endre
År Album Selskap US Dance UK Charts[6]
1980 Sharon Redd Prelude
1982 Redd Hott Prelude 1 59
1983 Love How You Feel Prelude

Singlar

endre
År Song U.S. Dance[7] U.S. R&B[7] AUS Charts UK[6] NL NZ
1967 «Half as Much»
1968 «I've Got a Feeling»
1969 «Easy to Be Hard» 32
1980 «Can You Handle It» 5 57 31
«Love Is Gonna Get Ya»
1982 «Never Give You Up» ‡ 1 20
«Beat the Street» ‡ 41
«In the Name of Love» ‡ 31 11
1983 «You're a Winner» 83
«Love How You Feel» 16 39
1984 «Lair on the Wire» 33
«Undercover Girl»
1988 «Second to None»
1992 «Can You Handle It» (nyinnspeling av DNA) 17 62 41

‡ Syner til spor frå albumet Redd Hot.[2]

Kjelder

endre
  1. Allmusic.com
  2. 2,0 2,1 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19. utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 454. ISBN 1-904994-10-5. 
  3. Billboard magazine, oktober 1969.
  4. «Sharon Redd». The Staggering Harlettes. 19. oktober 1945. Arkivert frå originalen 26. februar 2012. Henta 29. september 2020. 
  5. Andyboy (22. mai 1992). «The First Cut». DMR 15 (9): 3. «The impact of AIDS on the dance music industry has been felt by many on an excruciatingly personal level. News this week of Prelude artist Sharon Redd's recent death due to AIDS once again brought reality into chillingly clear focus.» 
  6. 6,0 6,1 «SHARON REDD - full Official Chart History». Official Charts Company. Henta 5. september 2020. 
  7. 7,0 7,1 «Sharon Redd Top Songs / Chart Singles Diskografi». Music VF. Henta 5. september 2020.