Shefayim (hebraisk skrift שְׁפָיִים, tyder 'Snaue høgder') er ein kibbutz sentralt i Israel 4 km nord for Herzliya langs middelhavskysten. Shefayim høyrer til Hof HaSharon regionale kommune. I 2009 hadde han 700 innbyggjarar.

Shefayim
שְׁפָיִים
kibbutz
Land  Israel
Region Sharonsletta
Distrikt Sentral
Kommune Hof HaSharon
Koordinatar 32°13′0.84″N 34°49′28.55″E
Folketal 1 346 (2021)[1]
Grunnlagd 1935
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Shefayim
32°13′1″ N 34°49′29″ E
Wikimedia Commons: Shfayim

Historie endre

Kibbutz Shefayim vart grunnlagd i 1931 av immigrantar frå Polen.[2] Namnet er teke frå Jesaja 41:18: «Eg opnar elvar på snaue høgder.» Under Palestinamandatet var Shefayim base for hemmeleg innvandring. Under den arabisk-israelske krigen i 1948 tok han i mot flyktningar frå kibbutzen Beit HaArava.

Tidleg i 1970-åra grunnla kibbutzen Polycad, ein plastfabrikk. Tidleg i 1980-åra vart Shafit bioteknologiverk oppretta. I midten av 1990-åra kjøpte dei Zirei Israel-fabrikken, som vart ein leiar innan israelsk bomullsindustri.[3]

Kibbutz Shefayim er ein av dei rikaste medlemmane i kibbutzrørsla og var ein av få kibbutzar som ikkje trengde hamna i pengenaud og trong hjelp frå staten og bankane under nedgangstida i 1980-åra. Den største inntektskjelda til kibbutzen er Hutzot Shefayim, eit kjøpesenter. Andre inntektskjelder er eit hotell- og konferansesenter, og ein vasspark.[4]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre