Shelley Winters (fødd Shirley Schrift18. august 192014. januar 2006) var ein prisvinnande amerikansk skodespelar.

Shelley Winters

Fødd18. august 1920
FødestadEast St. Louis
Død14. januar 2006 (85 år)
DødsstadBeverly Hills
Aktive år1943–2006
Verka somskodespelar, filmskodespelar, teaterskodespelar, fjernsynsskodespelar, skribent, sjølvbiograf
EktefellePaul Meyer (1942-1948)
Vittorio Gassman (1952-1954) 1 dotter
Anthony Franciosa (1957-1960)
Gerry DeFord (2006)
PrisarOscar for beste kvinnelige birolle, Oscar for beste kvinnelige birolle, Oscar-prisen, Primetime Emmy Award for Outstanding Lead Actress in a Miniseries or a Movie, stjerne på Hollywood Walk of Fame

Shelley voks opp i Brooklyn i New York City. Ho hadde rollar i skodespel teaterskolen sette opp, medan ho arbeidde i butikk og som fotomodell for å kunne betale teaterstudiene. Ho debuterte på Broadway i 1941, og spelte i den første filmen sin, What a Woman!, i 1943. Det store gjennombrotet kom med rolla som ei gravid fabrikkarbeidarske i filmen En plass i solen i 1951.

1970-talet hadde Winters mange suksessar på Broadway.

På slutten av 1980-talet kom memoara til Winters ut. I denne boka skriv ho at ho har hatt kjærleiksaffærer med alle store Hollywoodstjerner, frå Burt Lancaster og Errol Flynn til Marlon Brando.

Winters var open, livleg, temperamentsfull og politisk aktiv. Ho har vunne Oscar to gonger, ved sida av at ho vart nominert for beste kvinnelege birolla for rolla i Poseidon-katastrofen. Vann i 1973 ein Golden Globe for rolla si i katastrofefilmen S.O.S. Poseidon.

Oscar og nominasjonar

endre
  • 1951 - Nominert for pris for beste skodespelarinne (hovudrolle) som Alice Tripp i A Place in the Sun
  • 1959 - Oscar for beste skodespelarinne (birolle) som fru Petronella Van Daan i Anne Franks dagbok
  • 1965 - Oscar for beste skodespelarinne (birolle) som Rose-Ann D'Arcy i Et streif av blått (A Patch of Blue)
  • 1972 - Nominert for beste skuespillerinne (birolle) som Belle Rosa i The Poseidon Adventure

Shelley Winters si stjerne på Hollywood Walk of Fame er plassert ved 1750 Vine Street.

Filmografi (utval)

endre
  • Cover Girl (1944)
  • The Great Gatsby (1949)
  • A Place in the Sun (1951)
  • Saskatchewan (1954)
  • I Am a Camera (1955)
  • The Night of the Hunter (1955)
  • Anne Franks dagbok (1959; Oscar)
  • Lolita (1962)
  • A Patch of Blue (1965; Oscar)
  • The Three Sisters (1966)
  • Harper (1966)
  • Bloody Mama (1970)
  • S.O.S. Poseidon (1972)
  • Blume in Love (1973)
  • Blekksprut (1977)
  • The Magician of Lublin (1979)
  • Elvis - The Movie (1979)
  • Over the Brooklyn Bridge (1983)

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre