Marlon Brando (3. april 19241. juli 2004) var ein amerikansk skodespelar som gjennom karrieren sin spelte ei rekkje minnerike filmroller.

Marlon Brando

Statsborgarskap USA
Fødd 3. april 1924
Omaha
Død

1. juli 2004 (80 år)
Los Angeles

Yrke filmskodespelar, filmregissør, teaterskodespelar, fjernsynsskodespelar, regissør
Språk engelsk
Høgd 175 centimeter
Far Marlon Brando sr.
Mor Dodie Brando
Ektefelle Anna Kashfi, Movita Castaneda, Tarita
Partnar Irene Papas
Nettstad http://marlonbrando.com/
Marlon Brando på Commons
Marlon Brando frå Streetcar Named Deisre
Marlon Brando i On the Waterfront

Liv endre

Marlon Brando vart fødd i Omaha i Nebraska i USA, og døydde i Los Angeles. Mora, som elska teater, introduserte tidleg sonen sin til skodespel. I løpet av åra som gjekk, sokk mora - som Marlon forguda - meir og meir ned i alkoholisme, og tilhøvet hans til faren vart dårlegare og dårlegare.

Etter militærtenesta i nokre år gjorde han alvor av draumen om å bli skodespelar. Han gjorde dundrande suksess på Broadway i New York som Stanley Kowalski i dramaet En sporvogn til begjær (orig. A Streetcar Named Desire) på slutten av 1940-talet.

I 1950 gjekk han over til filmen som hovudrolleinnehavar i Mennene (orig. The Men). Filmen vart ingen verdsslagar, men fekk gode kritikkar og vart ein pen suksess i USA. Året etter - i 1951 – fekk han sitt internasjonale gjennombrot i filmversjonen av En sporvogn til begjær (orig. A Streetcar Named Desire). Filmen fekk glitrande kritikkar og vart nominert til Oscar. Brando var den nye stjerna.

Sida følgde fleire gode filmar. Viva Zapata! (1952) og Julius Cæsar (1953) fekk båe gode kritikkar og vart òg nominerte til Oscar, men på same måte som med Ei sporvogn til begjær vann ingen av dei.

I sin femte film, som hadde premiere heilt mot slutten av 1953, spelte han «Johnny», leier for motorsykkelgjengen «The Black Rebels» i Vill ungdom (orig. The Wild One). Filmen fekk likegyldige kritikkar og spela heller ikkje inn fullt så mykje pengar som dei fire føre filmane hans. Mykje av skulda for dette var at filmen vart bannlyst i fleire land i fleire år på grunn av frkyt for at den skulle ha dårleg innverknad på ungdom. Han blir likevel ståande som ein av Brandos mest berømte filmar, fordi han var den første i sjangeren sin - ein film som tok opp kor smertefullt det kunne vere å vere ung. Filmen var inspirasjonskjelde til fleire gode tenåringsfilmar utover på 1950-talet, mellom dei Rotløs ungdom (orig. Rebel Without a Cause) (1955) med James Dean og Vend dem ikke ryggen (orig. Blackboard Jungle) (1957) med Sidney Poitier.

I 1954 vann Brando endeleg sin velfortente Oscar-statuett, for rolletolkinga si av «Terry Malloy» i Elia Kazan-produksjonen Storbyhavnen (orig. On the Waterfront). Til alle si store forundring stilte Brando opp i smoking og heldt ein liten, beskjeden tale under utdelingskvelden. Marlon hadde tidlegare uhyre sjeldan vore sett i anna enn fillete t-skjorter, jeans og joggesko, sjølv under dei største hendingane i Hollywood. Han hadde òg fått rykte for å vere opprørsk i røynda som på lerretet. Han var rappkjefta, sovna under TV-intervju og kom ofte opp i slåsskampar.

Men etter Storbyhavnen følgde det ein del filmar som ikkje passa Brando, Désirée (1954), Typer og kjei (orig. Guys and Dolls) (1955) og Tehuset Augustmåne (orig. The Teahouse of the August Moon) (1956). Typer og kjei, ein musikal med Frank Sinatra på rollelista, vart ein stor suksess økonomisk, men fekk likegyldige kritikkar. Brando bestemte seg for å aldri meir spele i ein musikal igjen.

Ikkje før på byrjinga av 1960-talet kom Brando opp igjen med ein stor suksess. Det vart med Mytteriet på Bounty (1962), som nærast kosta Brando fridomen til å kunne velje dei rollene han sjølv ville ha. Brando nekta å ferdigerklære filminnspelinga før han hadde fått alle scenene slik han ville ha dei. Dette gjorde at budsjettet steig med millionar av kroner. Brando var no uønskt av Hollywood.

I løpet av dei ti neste årene, spelte Brando i elleve filmar. To av desse - Den stygge amerikaneren (orig. The Ugly American) (1963) og Reflekser i et gyllent øye (orig. Reflections in a. Golden Eye) (1967) blir allment rekna som «gode filmar», og Grevinnen fra Hong Kong (orig. A Countess From Hong Kong) vil bli hugsa fordi han var Charles Chaplin sin siste film, men elles var det B-filmar det gjekk i.

Men stjerna hans steig på ny. Han gjorde knallsuksess som mafialeiaren «Don Vito Corleone» i Gudfaren (orig. The Godfather) (1972), som trygt kan seiast å vere den mest berømte filmen hans. Med denne filmen vann han sin andre Oscar-statuett. Men han stilte ikkje opp under utdelinga. I staden sendte han ei indiansk kvinne, som etter oppfordringa hans las opp nokre ord. Dette gjorde han som protest mot Hollywood for handsaminga av dei amerikanske urfolka.

Same året som Gudfaren hadde premiere, gjorde Brando suksess i ein ganske annleis film, det erotisk-psykologiske dramaet Siste tango i Paris (orig. The Last Tango in Paris. Nokre år seinare gjorde han suksess med Apokalypse nå! (orig. Acopalypse Now) (1979).

Under dei seinare åra sine opptrådte Brando meir sporadisk på lerretet, og privat sleit han hovudsakleg med tre ting - overvekt, tallause rettssaker og ikkje minst djup sorg over sjølvmordet til den unge dottera si. I 1990 drap sonen hans, Christopher Brando, systera sin kjærast - noko systera aldri kom over, ho tok livet sitt fem år seinare.

Brando gav ei rekkje millionar kroner til advokathjelp til sonen. Familien til kjærasten til systera kravde stor erstatning, og helt til sine aller siste månader, då han var så fysisk ustabil at han måtte ha oksygen gjennom slangar for å halde seg i live, var han involvert i strid om pengar.

Etter Brandos død gjekk det rykte om at han hadde teke livet sitt.[treng kjelde] Han vart kremert, og oska hans vart spreidd på Tetarios, ei øy nær Tahiti som han kjøpte på 1960-talet etter å ha spelt i «Mytteriet på Bounty». Gravferdsseremonien vart leia av Brandos gode venn, Jack Nicholson. Brando har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

Filmografi endre

  • 2006 Big Bug Man, «Mrs. Sour» (Stemme)
  • 2001 The Score «Max»
  • 1998 Free Money «The Swede»
  • 1996 Island of Dr. Moreau (orig. The Island of Dr. Moreau), «Dr. Moreau»
  • 1997 The Brave, «Mr. McCarthy»
  • 1995 Don Juan DeMarco, «Jack Mickler»
  • 1992 Christopher Columbus - Eventyreren (orig. Christopher Columbus: The Discovery) «Thomas de Torquemada»
  • 1990 Mafiaens læregutt (orig. The Freshman) «Carmine Sabatini/Jimmy the Toucan»
  • 1989 En tørr hvit årstid (orig. A Dry White Season), «Ian McKenzie» [Oscarnominasjon]
  • 1980 Den hemmelige formelen (orig. The Formula) «Adam Steiffel»
  • 1979 Apokalypse nå! (orig. Apocalypse Now) «Colonel Walter E. Kurtz»
  • 1978 Roots - The Next Generations, «George Lincoln Rockwell»
  • 1978 Superman - The Movie «Jor-El»
  • 1976 The Missouri Breaks «Robert E. Lee Clayton»
  • 1972 Gudfaren (orig. The Godfather), «Don Vito Corleone» [Oscar]
  • 1972 Farlig makt (orig. The Nightcomers) «Peter Quint»
  • 1972 Siste tango i Paris (orig. Last Tango in Paris) [Oscarnominasjon] «Paul»
  • 1969 Brenn Queimada! (orig. Queimada!)
  • 1969 Natta til den kommende dag (orig. The Night of the Following Day), «Sjåføren»
  • 1968 Candy 1968
  • 1967 Grevinnen fra Hong Kong (orig. A Countess from Hong Kong)
  • 1967 Reflekser i et gyllent øye (orig. Reflections in a Golden Eye)
  • 1966 Det hete døgnet (orig. The Chase), «Sheriff Calder»
  • 1966 Sydvest til Sonora (orig. The Appaloosa)
  • 1965 Morituri]]
  • 1964 Yrkessjarmører]] (orig. Bedtime Story)
  • 1962 Den stygge amerikaneren (orig. The Ugly American)
  • 1962 Mytteriet på Bounty (orig. Mutiny on the Bounty)
  • 1961 Revansj (orig. One-Eyed Jacks)
  • 1960 Slangeskinn (orig. The Fugitive Kind)
  • 1958 Unge løver (orig. The Young Lions)
  • 1957 Sayonara [Oscarnominasjon]
  • 1956 Tehuset Augustmånen]] (orig. The Teahouse of the August Moon)
  • 1955 Typer og kjei (orig. Guys and Dolls)
  • 1954 Desireé]]
  • 1954 Storbyhavnen (orig. On the Waterfront), [Oscar]
  • 1953 Julius Cæsar (orig. Julius Caesar), «Marcus Antonius» [Oscarnominasjon]
  • 1953 Vill ungdom (orig. The Wild One)
  • 1952 Viva Zapata! [Oscarnominasjon]
  • 1951 En sporvogn til begjær (orig. A Streetcar Named Desire) [Oscarnominasjon]
  • 1950 Mennene (orig. The Men)

Kjelder endre