Shelly Yakus
Shelly Yakus (fødd 1945) er ein amerikansk lydteknikar og lydmiksar.[1] Han var tidlegare sjefslydteknikar og visedirektør i A&M Records,[2] og vart nominert til å bli innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1999. Shelly Yakus vert omtalt på slutten av Tom Petty-songen «What're You Doin' In My Life?»
Biografi
endreShelly Yakus har vore lydteknikar for mange artistar, som John Lennon, the Ramones, U2, Tom Petty, Van Morrison, Alice Cooper, the Band, Blue Öyster Cult, Dire Straits, Don Henley, Madonna, Stevie Nicks, The Pointer Sisters, Raspberries, Lou Reed, Bob Seger, Patti Smith, Suzanne Vega, Warren Zevon, Star Radio og Elliott Murphy. Han var assisterande lydteknikar (1967–1969) på innspelingar av Dionne Warwick, Peter, Paul & Mary, Frankie Valli & The Four Seasons, Count Basie & His Orchestra og Frank Sinatra.
Yakus er son av låtskrivaren Milton Yakus, som skreiv «Old Cape Cod».
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Shelly Yakus» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: